Annika (19) ville ha pengar til jul – no har ho fått 50 000 i stipend

FURORESTIPEND: Annika Beinnes frå Vadheim er den femte på kort tid som har fått tildelt Furorestipend.

11. oktober – Kristian Helle

Annika Beinnes (19) frå Vadheim er tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner.

Desse pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Eg vart veldig overraska, og eg er veldig glad for at Sparebankstiftinga vel å støtte meg og har trua på mine framtidsplanar om å bli profesjonell utøvande songar, seier Annika Beinnes.

– Dette vil verkeleg hjelpe meg

19-åringen var akkurat ferdig med ein songtime då ho fekk vite om stipendet. På denne songtimen hadde ho ein samtale med songlæraren der sistnemnde kom med tips om kva ho kunne ønske seg til jul.

– Eg hadde akkurat vore på songtime på Griegakademiet. Der sa songlæraren min, Hilde Haraldsen Sveen, til meg at eg kanskje eg skulle ønskje meg ein pengesum til jul for å få råd til å reise København for å ta songtimar der, seier Beinnes og held fram:

– Dette Furorestipendet vil verkeleg hjelpe meg framover med, slik som i dette tilfelle, å finansiere timar med coachar og songpedagogar som igjen vil gjere meg til ein betre songar.

Vil til København

Sjølv om Beinnes framleis er tenåring, har ho rukke å få til mykje i songkarrieren sin. Ho har tidlegare vunne «Drømmestipendet», vunne Ungdommens Musikkmesterskap, blitt medlem av Bergen Filharmoniske Kor og vore aktør i Fargespill der ho har vore med på innspel av album med Kork.

No tek vaimingen ein bachelor i utøvande klassisk song på Griegakademiet i Bergen. Det trivst ho godt med, men håpar at ho snart kan flytte til Norge sitt naboland i sør.

– Målet mitt no er å kome inn på anten ein bachelor eller ein master i København. Eg har planar om å gå på ny prøvesong i København i januar 2020, forklarer Beinnes.

Ho fortel vidare ho neste sommar skal på eit fire veker langt kurs på Accademia Europa di Firenze i Italia, der ein blir undervist i det italienske språket og italienske operateknikkar.

– Eg ønskjer å utdanne meg vidare som operasongar og drøymer om å få ta del i forskjellige operaoppsetjingar rundt om i verda, seier den ambisjonsrike 19-åringen.

Juryen er imponert over det Annika Beinnes har fått til i løpet av si korte karriere, og dei har stor tru på at ho klarer å nå dei ambisjonsrike måla ho har sett seg. Ho er difor tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner.

Juryen for furorestipendet har bestått av:

Stig Roger Eide (tidl. journalist i Firda),

Trude Skarvatun (Førde kulturskule),

Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater)

og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)

Les om fleire tildelingar den siste tida: 

Furorestipendet

Furorestipendet er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Midlane kjem frå overskotet til banken som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

Søknadsfrist

Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni kvart år. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.