Sparebanken Sogn og Fjordane støttar TV-aksjonen!

STØTTAR TV-AKSJONEN: Sparebanken Sogn og Fjordane støttar årets TV-aksjon med 100 000 kroner. Her er administrerande Trond Teigene saman med Eva Marie Halvorsen, TV-aksjonen sin komitéleiar i Førde.

10. oktober – Kristian Helle

Sparebanken Sogn og Fjordane har i dag overrekt ei gåve på 100 000 kroner til årets TV-aksjon.

20. oktober er datoen for årets TV-aksjon, og i år går pengane til organisasjonen CARE. Dei arbeider for å gi eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område.

– For oss er det både meiningsfullt og naturleg å støtte TV-aksjonen, og pengane i år går til ein organisasjon som gjer ein utruleg viktig og god jobb. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane er veldig opptatt av mangfald og like rettar for alle, og derfor er det ei ekstra glede for oss å bidra til årets aksjon som arbeider for å gi eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Torsdag ettermiddag fekk han gleda av å overrekke banken si gåve til årets TV-aksjon. På vegne av TV-aksjonen Sogn og Fjordane var det Eva Marie Halvorsen som tok imot. Ho er leiar for aksjonskomitéen i Førde kommune.

– Tusen hjarteleg takk til banken! Det er fantastisk at de gir eit så stort beløp. Vi ønskjer også å takke for at de har opne lokaler på aksjonsdagen, og at de stiller med folk slik at bøsseberarane kan komme inn der. Sjølv om ikkje Sparebanken Sogn og Fjordane er den banken som er samarbeidspartnar nasjonalt, er det veldig flott at de har teke dette ansvaret her i fylket, seier Halvorsen.

I 2018 var Sogn og Fjordane det fylket som gav nest mest per innbyggar. Trond Teigene seier at det hadde vore veldig kjekt om fylket i år tek steget opp på toppen, særleg med tanke på at 2019 er eit ekstra spesielt år for alle i Sogn og Fjordane.

– 2019 er siste året Sogn og Fjordane er eit eige fylke, og det hadde vore veldig kjekt om vi kunne avslutta med å hamne på toppen. Eg håpar flest mogleg ønskjer å bidra, og at de tek godt imot bøsseberarane når dei går rundt søndag 20. oktober, seier Teigene.

TV-aksjonspengane går til CARE sitt arbeid i ni land: Niger, Mali, Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

Her kan de lese meir om årets TV-aksjon, og her kan de lese meir om CARE.