Furorestipend til Andrine Mårstøl og Asbjørn Hagen

FEKK STIPEND: Alpinisten Andrine Mårstøl og musikalartisten Asbjørn Hagen har begge fått tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner.

8. oktober 2019 – Kristian Helle

20 år gamle Andrine Mårstøl og 23 år gamle Asbjørn Hagen, begge frå Nordfjordeid, er tildelt kvar sitt Furorestipend på 50 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Alpinisten Andrine Mårstøl (20) har trass sin unge alder allereie medalje i senior-NM å vise til, i tillegg til dusinet fullt av sigrar i FIS-renn. Mellom anna på bakgrunn av dette er 20-åringen tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner. Stipendet fekk ho nyleg tildelt då ho var innom banklokalet på Nordfjordeid for å ordne nokre forsikringar. Trudde ho.

Overraskinga var stor då det låg eit gåvekort på møtebordet, og dette stipendet utløyste spontane gledestårer hos den unge og lovande alpinisten.

– Eg har nokre sponsorar, men det blir mykje og store utgifter på foreldra mine og meg, så dette kjem veldig godt med, sa ein svært takknemleg Mårstøl då ho fekk det synlege beviset på heimebane.

Turen heim er ein snartur før ho reiser vidare på treningsopphald i Kvitfjell og Austerrike. Sesongen startar med Europacup, som er nivået rett under verdscup, i Trysil i månadsskiftet november/desember. Deretter reiser ho vidare til renn i Sverige og FIS-renn på Ål og Geilo før jul. Om det går som 20-åringen håpar her blir det meir Europacup resten av sesongen, men ho understrekar at det er junior-VM i Narvik som blir sesongens høgdepunkt.

Juryen si grunngjeving Andrine Mårstøl:

20 år gamle Andrine Mårstøl frå Nordfjordeid har for lengst bevist at ho høyrer heime i det norske toppsjiktet i alpint, med dusinet fullt av sigrar i FIS-renn, og medaljar innan alle disiplinar – jamvel i Senior-NM.

Vidare har ho satsa langsiktig og målretta i fleire år, og har gått på NTG Lillehammer sidan 2015. Juryen er difor svært optimistisk i høve til å få sjå Andrine øvst på pallen igjen snart, og håper Furorestipendet kan bidra til at ho vil nå sine mål om å vinne World Cup-renn og snart representere Norge i OL og VM. Juryen gratulerer og ønskjer all mogleg lukke til vidare!

«Ring så fort du kan»

Det var meldinga Asbjørn Hagen (23) fekk av mor si førre veke. Musikalartisten vedgår at det var langt ifrå ei gladmelding han venta å få etter ei slik melding. Men det var det så definitivt!

23-åringen fekk beskjed om at han kunne komme heim frå Göteborg, der han for tida bur, for å ta imot Furorestipendet frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot.

– Dette betyr mykje for meg! Både når det gjeld det økonomiske, men det er også ei stor glede at juryen har trua på meg, sa Hagen då han kom innom banken på Nordfjordeid for å ta imot stipendet.

23-åringen har nettopp avslutta treårig skule ved ei musikallinje i Göteborg, og er i full gang med å skaffe seg kontaktar og skape seg nettverk, noko som er heilt nødvendig for å få tilgang til auditions og jobbar. Han er resepsjonist på eit hotell for å kunne finansiere kurs, trening, song- og dansetimar, i tillegg til auditions.

Hagen fortel at det er harde prioriteringar som gjeld, og eit kurs over tre månader på Steps on Broadway i New York kravde at han kunne vise eit budsjett på minst 70 000 kroner.

– Eg hadde difor lagt det eit godt stykke fram i tidsplanen, men med denne gåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane kan det realiserast og søknaden er straks på veg.

Juryen si grunngjeving Asbjørn Hagen:

23 år gamle Asbjørn Hagen frå Nordfjordeid har allereie imponert juryen med sine over eit dusin roller i ulike musikalar i heile Skandinavia. Han kan slå i bordet med å vere ein av få profesjonelle musikalartistar i Norge, med diplom frå Balettakademien i Göteborg.

Juryen registrerer òg at Asbjørn satsar heilhjarta og målretta på si nisje, og at han no arbeider strukturert med å få utvikla sin kompetanse og sitt kontaktnett frå eit engelskspråkleg musikalmarked. Stipendet er til dømes planlagt brukt på eit dansekurs på Broadway Dance Center i New York. Vidare har han planar om å lære seg tysk og få innpass på den store tyske musikalscena.

Juryen er overtydd om at ein musikalartist av høg internasjonal klasse frå Nordfjord er ein inspirasjon for mange andre unge til å satse på det kreative feltet, og håper verkeleg Asbjørn vil oppnå sin draum om ein dag å få namnet sitt på plakaten i West End eller Broadway!

Juryen for furorestipendet har bestått av:

Stig Roger Eide (tidl. journalist i Firda),

Trude Skarvatun (Førde kulturskule),

Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater)

og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)

Furorestipendet

Furorestipendet er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Midlane kjem frå overskotet til banken som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar. Dei siste åra har det blitt delt ut åtte stipend kvart år, som alle har ein verdi på 50 000 kroner.