Olaf og Zwanette har besøkt alle dagsturhyttene!

ALLE: Olaf Sevink og Zwanette Koers har besøkt alle dagsturhyttene i Sogn og Fjordane! Her frå då dei besøkte dagsturhytta i Hornindal.

3. oktober 2019 – Kristian Helle

– Det har vore som ein liten ferie kvar gong vi har vore på tur. Kjempemoro! seier Zwanette Koers, som saman med mannen Olaf Sevink har besøkt alle 26 dagsturhyttene i Sogn og Fjordane.

I sommar vart «Dagsturhyttejakta» lansert, som går ut på å besøke alle dagsturhyttene i Sogn og Fjordane. Nyleg kom den 26. og siste hytta på plass i Vik, og det betyr at no har alle kommunane i Sogn og Fjordane si eiga dagsturhytte. Dette betyr også at dei aller første sprekingane som har besøkt alle hyttene har begynt å melde seg.

Zwanette Koers og Olaf Sevink frå Balestrand har gjennomført dette på imponerande vis. Etter å ha besøkt den 26. og siste hytta i Vik, kom dei innom Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Sogndal med det synlege beviset på at dei har besøkt alle hyttene. No kan dei vente seg ein flott premie.

– Det har vore veldig moro! Vi starta 6. juli med hytta i Aurland. På vegen heim igjen til Balestrand besøkte vi også dagsturhytta i Lærdal, og der såg vi ei brosjyre om dagsturhyttejakt. Då sa vi at «dette må vi prøve» , og etter den tredje turen til Luster, som vi padla til, då var det gjort, forklarer Olaf om korleis det starta.

(saka held fram under)

Ordføraren viste veg

Sidan padleturen til hytta i Luster har dei altså besøkt 23 hytter til. Paret, som opphavleg er frå Nederland, seier at dei har brukt helgar, langhelgar og ferie på dette.

– Vi har reist 3000 kilometer i denne perioden. Vi har brukt pengar på ferjebillettar, bompengar og overnatting. Det har blitt ein del, men det har vore 100 prosent verdt det! Det kan anbefalast til alle å gjere dette, seier Zwanette.

– Ja, det har blitt mange timar, men vi ville prøve å gjere dette før alle kommunesamanslåingane frå nyttår, og før vinteren kjem, legg Olaf til.

Olaf fortel vidare at etter så mange turar så har dei sjølvsagt opplevd mykje. Noko av det han trekk fram er eit møte med ei dame på stien i Solund.

– Vi har møtt veldige mange hyggelege menneske! Eg hugsar spesielt turen i Solund, for då var vi litt usikre på stien der. Vi møtte ei dame og spurte om ho var lokalkjend og om dette var stien til dagsturhytta.

Det viste seg at denne dama var ganske så lokalkjend!

– Det var ordføraren (Gunn Åmdal Mongstad). Det var veldig moro å møte ho, og vi hadde ein lang og god prat.

Topp fem

På spørsmål om kva som var den finaste turen, svarer Olaf diplomatisk. Han ønskjer ikkje rangere, men serverer heller ei topp fem-liste.

– Eid, Balestrand, Gulen, Hyllestad og Fjaler er vår topp fem. Ja, vi er nok litt inhabil sidan vi bur i Balestrand, seier Olaf og ler.

I tillegg trekk Zwanette også fram dagsturhytta i Gaular. Ho seier dei gjerne reiser tilbake dit, men då også for å gå vegen vidare og heilt på Storehesten.

– Det var ein kjempeflott tur! Den helga vi var på dagsturhytta i Gaular besøkte vi ni hytter på fire dagar, så då var det berre opp til hyttene og retur med ein gong, forklarer Zwanette, og legg til at dei har opplevd all slags vêr på turane.

Men sjølv om ikkje vêret har vore like bra på alle turane så er det éin ting som har vore likt over alt, seier Olaf:

– Vi har møtt veldig mange flotte folk, og vi har sett mykje godt dugnadsarbeid alle plassar. Desse hyttene er til stor glede!

Gratulerer med vel gjennomført Dagsturhyttejakt, Zwanette og Olaf!

DAGSTURHYTTA

Dagsturhytta er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. Dagsturhyttene er gitt som gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. 

EID: – Her var det fantastsik utsikt! seier Zwanette.

PÅ BESØK: Etter å ha gjennomført Dagsturhyttejakta kom Olaf og Zwanette innom Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Sogndal.