Sparebanken Sogn og Fjordane tronar øvst av sparebankane

GOD STEMNING: Direktør for privatmarknad Linda Vøllestad Westbye og administrerande direktør Trond Teigane er svært fornøgde med Sparebanken Sogn og Fjordane sitt resultat i EPSI-undersøkinga.

30. september 2019 – Kristian Helle

– Dette resultatet gjer meg så utruleg stolt! seier Linda Vøllestad Westbye, direktør for privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Heilt ferske resultat frå EPSI si årlege bankundersøking viser at Sparebanken Sogn og Fjordane tronar aller øvst av alle sparebankar på kundetilfredsheit og lojalitet.

Om ein tek alle bankar samla er det berre Sbanken som slår Sparebanken Sogn og Fjordane på desse punkta, ifølge undersøkinga. Bakgrunnen for resultata som går på kundetilfredsheit er kor fornøgd kunden er alt i alt, i kva grad forventingane til kunden blir møtt og kor nær eller langt i frå den ligg den perfekte banken.

– Det er første gong vi er med i denne undersøkinga, og at vi oppnår dette resultatet er heilt fantastisk. For meg seier det mykje om kva slags bank vi er, og ikkje minst seier det mykje om våre engasjerte tilsette, seier Vøllestad Westbye.

Her kan du lese EPSI si eiga pressemelding.

Skal fortsette å jobbe hardt for kundane

På vegne av EPSI gjennomførte Norstat Norge 2543 godkjente intervju som er grunnlaget for undersøkinga. Målgruppa er privatkundar mellom 16 og 79 år, og intervjua vart gjort mellom 7. august og 17. september.

– Vi er audmjuke for tilbakemeldinga. Dette skal vi ta med oss vidare og fortsette med å jobbe hardt kvar dag for kundane våre, seier Vøllestad Westbye.

Ho held fram:

– Undersøkinga viser også at det vi trur på, samspelet mellom dyktige rådgjevarar og gode digitale løysingar, som vår eigenutvikla mobilbank, og at vi gjev tilbake overskotet til lokalsamfunnet betyr noko for samfunnet, seier Vøllestad Westbye.

Her viser ho til at Sparebanken Sogn og Fjordane ligg på 1.-plass av sparebankane når det kjem til spørsmålet om kunden får ønska oppfølging, og relasjonen mellom bank og kundane. Øvst ligg SSF også når det gjeld bidrag til lokalsamfunnet og tillit.

Om ein ser på mobilbanken ligg SSF her på 3.-plass, medan plasseringa er eitt hakk høgare når det gjeld nytenking og innovasjon.

Glad administrerande direktør

Administrerande direktør Trond Teigene seier han er veldig glad for at kundane gir ei så tydeleg og god tilbakemelding.

– Vi er stolte over dette, og dette er eit resultat av veldig lang og målretta arbeid for å få betre kundeopplevingar i alle våre kanalar, seier Teigene.