TRADISJONEN TRU

Tradisjonen tru har banklokala i Dale vore bytta ut rundt kvart 50-ande år. Dette heilt frå Fjaler Sparebank bygde sitt første eige bankhus i 1923.

22. august 2019 – Kristine Eriksrød

Etter nesten 50 år i dei velkjende banklokala i Dale, flytta Sparebanken Sogn og Fjordane i går offisielt inn i nye lokale på Dale senter – berre eit steinkast unna dei gamle.

– Vi har gledd oss lenge til å flytte inn på Dale senter og til å få eit meir funksjonelt kontorlokale, fortel Torunn Mattson, banksjef privatmarknad.

Ho ser på flyttinga som eit nytt steg i høve utvikling av handelsstanden i Fjaler.

– Både med rehabilitering av Dale senter, og at vi no flyttar, gjer at vi får utnytta den gamle meieritomta som har lege som eit «ope sår» midt i sentrum i fleire år, seier Mattson.

Lokal samfunnsaktør
Det er kombinasjonen av den nye profileringa vår og rolla som samfunnsaktør Ingar Valvik, banksjef bedriftsmarknad, er stolt av.

– Det er ei utvikling i måten vi betener kundane våre på som gjer at dette er det rette for oss no. Eg er glad for at Sparebanken Sogn og Fjordane står seg godt som ein lokal sparebank med tette band knytt til lokalsamfunnet vårt, seier Valvik. Dette er også noko vi framleis vil ha fokus på.

Vellykka opning
I går heldt kontoret langope frå kl. 10-18. Det var ei svært vellykka opning med mange store og små innom for kaffi, saft og kake.

– Dagen i går var travel, men det var veldig kjekt å offisielt vere på plass. Det var mange som tok turen innom, og vi har fått utelukkande fått gode tilbakemeldingar, fortel Mari Haugsbø, kunderådgjevar.