BankID, BankID på mobil og mobilbank: Kan du forskjellen?

Med mange like namn i bankverda blir ein fort litt forvirra. Kva er eigentleg forskjellen på BankID, BankID på mobil og mobilbank? Her kjem ei oversikt over dei ulike omgrepa.

16. august 2019 – Signe Bakke Svarstad

BankID

BankID er ein elektronisk legitimasjon som kan nyttast til to ting: Identifisering og signering. På same måte som du bruker pass eller førarkort til å identifisere deg i den fysiske verda, kan du bruke BankID til å identifisere deg i den digitale verda. BankID som identifikasjon brukast mellom anna for å logge inn i nettbanken og på ulike offentlege tenestar som Skatteetaten, Altinn og Helsenorge.

BankID kan òg brukast til signering. På same måte som du bruker kulepenn når du skriv under kontraktar og avtaler i den fysiske verda, kan du bruke BankID i den digitale verda. Din BankID-signatur er gyldig på lik linje med din handskrivne signatur. Signering med BankID brukast mellom anna til å signere lånedokument og kjøpsavtaler.

Oppsummert kan ein seie at BankID erstattar både pass, penn og papir.

Slik brukar du BankID

For å bruke BankID treng du fødselsnummeret ditt som brukarnamn, samt eit personleg passord som du vel sjølv. I tillegg treng du kodebrikka di. Kodebrikka genererer tilfeldige kodar, og skaper dermed ei ekstra sikkerheitsbarriere i tillegg til passordet.

Bestill BankID her

BankID på mobil

BankID på mobil er i prinsippet det same som BankID, altså ein personleg identifikasjon og signatur. BankID på mobil har dei same bruksområda som vanleg BankID.

Forskjellen ligg i at du brukar telefonen i staden for kodebrikka. Det vert oppretta ein sikkerheitsmekanisme i SIM-kortet på telefonen din, slik at SIM-kortet fungerer som ei slags kodebrikke. SIM-kortet genererer tilfeldige ord, på same måte som kodebrikka genererer tilfeldige kodar.

Slik brukar du BankID på mobil

For å bruke BankID på mobil skriv du inn fødselsdato og telefonnummer. Du vil då få opp to referanseord som du må bekrefte frå telefonen. Avslutningsvis må du taste inn ein sjølvvald personleg PIN-kode.

Bestill BankID på mobil her

Ikkje kast kodebrikka

Mange opplever BankID på mobil som eit enklare alternativ til vanleg BankID, då ein slepp å bruke kodebrikke. Men sjølv om du omtrent aldri treng å leite fram kodebrikka, er det lurt å ha kontroll på kvar den er. Dersom du skulle miste telefonen din eller skifte SIM-kort, må du aktivere BankID på mobil på nytt. Då treng du kodebrikka di for å logge inn i nettbanken.

Mobilbank

Namnet mobilbank kan vere lett å forveksle med BankID på mobil. Mobilbank er enkelt og greitt ein app du kan laste ned og dermed få ein mobilversjon av nettbanken. Med mobilbanken har du tilgang til dei aller fleste funksjonane i nettbanken – rett frå mobilen!

Slik brukar du mobilbanken

Last ned appen til smarttelefonen din, og følg rettleiinga i appen. Når du aktiverer mobilbanken vel du ein firesifra PIN-kode som du frå no av kan bruke til å logge inn. Du kan også logge inn med TouchID eller FaceID dersom telefonen din støttar dette.

Når mobilbanken er tatt i bruk, har du rask og enkel tilgang til:

  • Oversikt over eigne kontoar, kort, lån og fond
  • Overføring til både eigne og andre sine kontoar
  • Enkel betaling med smartscanning av konto- og kidnummer
  • Godkjenning av faktura med eitt klikk
  • Oppretting og endring av spareavtaler
  • Søke billån
  • Sperring av bankkort
  • Slå av og på regionsperre på korta dine
  • Valutakalkulator

Last ned mobilbanken frå App Store

Last ned mobilbanken frå Google Play