LISBETH SINE GODE STUDENTTIPS

STUDENTTIPS: Kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Lisbeth Aasen Andersen, har gode til deg som i desse dagar skal til på studieåret 2019/2020.

8. august 2019 – Kristian Helle

Klar for studiestart? Skal du flytte? Her får du nyttige tips frå Lisbeth, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Mat, husleige, straum, forsikringar, internett, telefon, strøymetenester og anna. Det er mykje som skal betalast. Også for studentar.

Og som student har ein ikkje alltid så god råd som ein kanskje skulle ønskje. Kunderådgjevar Lisbeth Aasen Andersen i Sparebanken Sogn og Fjordane har difor gode tips til korleis studentlommeboka kan forvaltast.

Månadsbudsjett

– Lag eit månadsbudsjett, det er noko av det viktigaste du kan gjere. Du må vite kor mykje du får inn i løpet av ein månad, slik at du veit kor mykje du har å bruke. Ein veldig stor utgiftspost er mat, og her er det lurt å lage vekesplanar, seier Lisbeth.

Ho har fleire grunnar til kvifor det er viktig med god planlegging på matfronten:

– Viss du lagar vekesplan, kan det vere nok å handle éin gong i veka. Då unngår ein også unødvendige impulskjøp som i lengda blir dyrt, og i tillegg fører det til mindre matsvinn. Og bur ein i kollektiv, er det også økonomisk å lage middag saman.

Forsikringar

Når det gjeld forsikringar når ein skal flytte, så trekker Lisbeth fram to forsikringstypar.

– Innbuforsikring er noko ein treng når ein skal flytte for seg sjølv. Men hugs å sjekke om du allereie er forsikra, for det kan nemleg vere at foreldra dine si innbuforsikring også dekker deg. Gløym heller ikkje å teikne reiseforsikring, sjølv om du kanskje ikkje skal ut å reise, seier Lisbeth.

– Dersom det skulle oppstå uhell utanfor heimen så er det godt å ha reiseforsikring, forklarer kunderådgjevaren.

Her kan du lese meir om vår innbuforsikring, og her kan du lese meir om vår reiseforsikring.

Depositumskonto og bilder ved innflytting

Når ein skal leige må leigetakar og utleigar opne depositumskonto. Her er det vanleg å setje inn opptil tre månader med husleige, alt etter kva som står i leigekontrakten di.

– Desse pengane skal stå låst fram til leigeforholdet er slutt, og du flyttar ut. Pengane fungerer som ei sikkerheit for både deg som leigetakar og for utleigar, seier Lisbeth.

Sjekk ssf.no for oppretting av depositumskonto.

– Noko anna som er lurt før du flyttar inn i din nye bustad, er å gå nøye over alt av eventuelle feil eller manglar som du måtte finne. Ta også bilde av det. Slik veit både du og huseigar at det var der før du flytta inn.

Dropp kredittkortet – og kjøp brukt!

Kredittkort har sine fordelar, men det bør ikkje brukast i den vanlege studentkvardagen,

– Pass på å betale rekningane dine, og unngå å få gebyr. Du bør ikkje bruke kredittkort til dette, og elles i det daglege. Klarer du ikkje betale ned igjen innan første månad, då blir det dyre renter, og det er jo alltid dumt å bruke pengar ein ikkje har, seier Lisbeth, som til slutt har eit siste tips til alle som no skal i gong med studentåret 2019/2020.

– Kjøp brukte ting! Både bøker og møblar. Dette kan du spare mykje pengar på.

Vi ønskjer alle studentar lukke til med det kommande studieåret!