3 ENKLE TIPS TIL DEG SOM SKAL PÅ REISE

17. juli 2019 – Signe Bakke Svarstad

Ut på reise i sommar? Ta banken med i bagasjen! Med desse tre punkta på pakkelista har du banken med deg uansett kvar du ferierer i sommar.

Ta med to kort

Ta med to betalingskort på reise, slik at du ikkje står på berr bakke dersom du skulle miste det eine. I utlandet kan det vere lurt å nytte eit kredittkort som betalingskort. Ved bruk av kredittkort vert kjøp belasta kortet i staden for sjølve kontoen din, og du kan sjå over at transaksjonane stemmer før du betaler rekninga. Bestill eit ekstra kort her.

Hugs å oppbevare dei to korta kvar for seg!

Last ned mobilbanken

Med mobilbanken har du alltid med deg banken i lomma. Appen gir deg full oversikt over korta og kontoane dine, samt fleire smarte funksjonar som kjem godt med på reise.

Kortsperre

Dersom eitt av korta dine skulle kome på avvegar, kan du sperre kortet direkte frå appen. Slik unngår du at kortet kan bli misbrukt av andre.

Regionsperre

I mobilbanken kan du enkelt velje kvar korta dine skal vere gyldige. For å nytte kortet på ferie må du opne regionsperra for området du skal feriere i. Hugs òg å setje på sperra når du kjem heim att.

Valutakalkulator

Ein tredje funksjon som er kjekk å ha på farten er valutakalkulator. Den finn du på startsida til mobilbanken, og kan nyttast utan å logge inn. Kalkulatoren gir deg raskt dagens valutakurs for dei mest populære valutaane.

Tips: Dersom du gir appen tilgang til posisjonen din, finn den automatisk lokal valuta for området du oppheld deg i.

Last ned mobilbanken til iOS her og til Android her.

Bestill reiseforsikring

Hos oss får du ei av landets beste reiseforsikringar, og er ni år på rad kåra blant best i test eller fått terningkast 6. Med denne på plass er du dekka frå du går ut døra og heilt til du er tilbake heime. Bestill reiseforsikring eller kontakt ein av våre forsikringsrådgjevarar her.

Eit siste tips er å lagre nummera til banken og forsikringsselskapet i tilfelle du skulle trenge akutt hjelp. Du når både kundesenteret til Sparebanken Sogn og Fjordane (57 82 97 00) og Frende Forsikring (55 15 36 00) heile døgnet.

Med to kort, mobilbank og reiseforsikring i bagasjen ligg alt til rette for å finne kvilepulsen i ferien.

God sommar!