EIT VIKTIG LØFT FOR LEIARANE

GIR STØTTE: Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd har tatt initiativ til eit nytt leiarutviklingsprogram, og det er Sparebanken Sogn og Fjordane med og støttar. – I eit slikt program vil det bli bygt nettverk mellom leiarar som vil vere til stor nytte, meier Reiel Haugland, direktør for teknologi og innovasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane.

5. juli 2019

Verda er i rask endring, og behovet for å oppdatere seg er stort. Sparebanken Sogn og Fjordane støttar eit heilt nytt leiarutviklingsprogram med 1,3 millionar kroner.

– Vi ser at dei store, globale trendane får lokale konsekvensar. Leiarar i små og store bedrifter har behov for påfyll og nye verktøy til å handtere endringane, og derfor har vi har valt å støtte dette leiarutviklingsprogrammet, seier Reiel Haugland, direktør for teknologi og innovasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Støtta er på 1,3 millionar kroner og kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot. Dette overskotet blir forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Riggar for omstilling

Det er Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd som har tatt initiativ til programmet, med mål om å heve nivået på leiarane i fylket og ruste dei for omstilling.

– Mange leiarar i fylket går rundt og føler på at vi er i ein omstillingsfase, med både Vestland, nye forretningsmodellar, digitalisering og nye konkurrentar. Det er krevjande å drive bedrift og samtidig utvikle seg, men det er ikkje lenger godt nok å gjere det vi gjorde i går. Vi ser at leiarrolla er ekstremt kritisk i alt som har med omstilling å gjere.

 Ønsker meir innovasjon og vekst

Han trur eit leiarutviklingsprogram kan tilføre evner og kompetanse til både privat og offentleg sektor i fylket, som igjen kan føre til nødvendig innovasjon.

– Eg meiner det er dette som må til for å få til eit meir omstillingsdyktig næringsliv som tar innover seg påverknadskrafta utanfrå og agerer raskare. Fylket har hatt for lite innovasjon, vekst og nyetableringar. Det er vi heilt nøydde til å ta tak i.

Ny generasjon arbeidstakarar

Ei anna utfordring han ser i dagens arbeidsliv, er at unge, nyutdanna stiller nye krav til leiaren. For å rekruttere nødvendig arbeidskraft til fylket må leiaren tilpasse seg nye generasjonar.

– Dei tenker og prioriterer annleis og krev ein annan type leiarstil enn for berre få år sidan. Dei ønsker meir fridom, samtidig som dei er svært kompetente og har sterke meiningar. Det må vi leiarar berre ta innover oss, og eg meiner det er utviklande å sleppe dei laus i bedrifta.

Leiarprogrammet gir påfyll i verktøykassa

Mange er i dag i leiarrolla utan formell leiarkompetanse.

– Det er vanleg å rekruttere dyktige fagfolk til leiarstillingar, men det er ikkje det same som å vere ein dyktig leiar. Då er det spesielt viktig å fylle på med leiarkompetanse for å lukkast.

Leiarutviklingsprogrammet vil gi deg gode tips, nyttige modellar og diskusjonar med likesinna.

– I eit slikt program vil det bli bygt nettverk mellom leiarar som vil vere til stor nytte. Eit nettverk som er fruktbart for betre samarbeid, nyskaping og karrieremoglegheiter.

Samtidig vil du på eit personleg plan oppnå meir sjølvtillit og tryggleik i leiarrolla.

– Arbeidslivet er i stor endring, og dei fleste leiarane treng påfyll i verktøykassa. Slik kan vi trygt omfamne alt det nye og la det blomstre.

Behov for påfyll? Meir info om programmet finn du her