BLI KJENT MED VÅRE FERSKE SOMMARVIKARAR!

BANKSOMMAR: Dette er dei tolv som er i gang med sin sommarjobb i banken i Førde denne sommaren. Av desse er åtte heilt ferske. Bak frå venstre: Ruben Skrede, Eli Vindedal Langlo, Vilde Lovise Støfring Rørvik, Niklas Helgheim, Jan-Erik Solheim og Thomas Hafstad. Framme frå venstre: Anna Huun Møvik, Inger Helen Yri, Maria Gravdal, Johannes Sunde Farsund, Grete Roska og Maja Beate Vie.

4. juli 2019 – Kristian Helle

For Ingrid var det heilt naturleg å søke jobb i banken, Heidi synast det er heilt topp å kombinere Nordfjord-ferie med bankjobbing, og Peter meiner at gjengen i Florø er herleg! Bli kjent med våre ferskaste sommarvikarar.

Sommartid betyr ferietid for mange, men for mange skuleelevar og studentar betyr det eit par månader med god arbeidserfaring og kjærkomen inntekt. I Sparebanken Sogn og Fjordane kan du denne sommaren møte 20 sommarvikarar, og tolv av dei har sin aller første sommar i banken.

Kven desse tolv nye er, kvifor dei ville jobbe i bank i sommar, og kva framtidsplanar dei har – det får du vite her.

Thomas Hafstad

Tek du turen innom banken i Førde er det ein stor sjanse for at Thomas er den første du møter på. Han jobbar i daglegbank og ein stor del av hans jobb er å hjelpe kundar som stikk innom.

– Eg ville jobbe i banken denne sommaren fordi det verkar spennande, er lærerikt, og det er noko som er relevant for mi utdanning i marknadsføring, seier Thomas.

Når det gjeld ein framtidig fast jobb har han eit par punkt han ser på som viktige.

– Eg er førebels litt usikker på korleis framtida ser ut, men etter endt utdanning ønsker eg å få ein jobb som er spennande, og som retter seg mot marknadsføring. Ein arbeidsplass med varierte oppgåver og eit godt arbeidsmiljø er viktig for meg, seier han.

Inger Helen Yri

Også Inger Helen jobbar i Førde denne sommaren, og ho finn vi på avdelinga for fellestenester.

– Banken var for meg ein attraktiv arbeidsplass då eg ser på den som relevant og framtidsretta. Banken kan også vere ein framtidig arbeidsplass for meg dersom eg ein dag flyttar tilbake til Sogn og Fjordane, seier Inger Helen, som til vanleg bur og studerer i Trondheim.

– Der studerer eg IT, og eg har eit ønskje om å bli frontend-utviklar. Så kanskje ein dag er eg med på å vidareutvikle bankens nett- og mobilbank? 😉

Anna Huun Møvik

På same avdeling som Inger Helen jobbar Anna. Ho er heime frå økonomistudiet i Bergen i sommar.

– Grunnen til at eg ville jobbe i banken denne sommaren er fordi det er relevant arbeidserfaring for meg, og det verkar som eg ein kjekk jobb, seier Anna.

Ho seier at når økonomistudiet er i boks, satsar ho på få seg jobb i banken.

– Og eg håpar også at eg får jobbe i banken neste sommar!

Peter Flo Grinde-Hollevik

Vi tek turen vestover, og i banken i Florø er bankvert Peter Flo Grinde-Hollevik godt i gang med sommarens jobb.

– Ein herleg gjeng! seier Peter om kollegaene i kystbyen.

– Sparebanken Sogn og Fjordane virka som ein utruleg spennande og utfordrande plass og jobbe i som sommarvikar. Samstundes veit eg av erfaring kor viktig rolle banken spelar for både private kundar og næringslivet på heile Vestlandet, og det er noko eg har lyst å vere med å tilrettelegge, både no og i framtida, seier han om kvifor han søkte på jobben i Florø.

Til hausten flyttar Peter til Tel Aviv for å starte opp ein forretningsidé som han ønsker å utvikle vidare det neste året. I tillegg tenker han å søke på studier i USA, men kan også tenke seg å studere innan INDØK (Industriell økonomi og teknologiledelse) eller medisin i Norge.

Ingrid Elisabeth Ynnesdal Eikemo

Når vi først er i Florø, er det lettvint å hive seg på båten til Bergen. På kontoret vårt i vestlandshovudstaden har Ingrid fått seg jobb.

– Saknet etter Bergen er stort og i ferien ville eg tilbake. Då var det heilt naturleg for meg å søke om jobb i banken, seier Ingrid.

Til vanleg studerer ho logistikk.

– Eg trur dette vil vere ei god erfaring å bygge på vidare, og eg trivast godt her med varierte oppgåver og hyggelege kollager. Framtidsplanane mine er uklare, men tanken om ein master er ikkje framand, så forhåpentlegvis får eg komme tilbake hit også neste sommar!

Caroline Herland Nokken

Tilbake i Trivselfylket møter vi Caroline på kontoret vårt i Dale. Ho har nettopp teke ein bachelor i økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen.

– Eg tenkte at å jobbe i banken kunne vere ei god erfaring, og i tillegg fekk eg høyre at dette var ein kjekk arbeidsplass med hyggelege kollager. Og det viser seg heldigvis å stemme! seier Caroline, som etter sommaren reiser tilbake til Bergen.

Der håpar å ho bli nokre år til for vidare studier.

– Deretter vil eg vende tilbake til bygdelivet i Sogn og Fjordane. Tida får vise kva jobb eg endar opp i, men ein skal ikkje sjå vekk i frå at eg finn den i Sparebanken Sogn og Fjordane!

Under ser du dei seks nye sommarvikarane vi no har presentert. Dei seks resterande kan du lese om under bildet. 

Oppe frå venstre: Anna Huun Møvik, Peter Flo Grinde-Hollevik og Inger Helen Yri
Nede frå venstre: Thomas Hafstad, Ingrid Elisabeth Ynnesdal Eikemo og Caroline Herland Nokken

Heidi Flo Bødal

Vårt ferskaste banktilskot i Nordfjord er Heidi på Sandane. Ho har teke turen heim til fagre Nordfjord frå Trondheim.

– Eg ønska å jobbe i banken denne sommaren fordi eg gjerne ville ha ein sommarjobb som er relevant til studiet eg går på. I tillegg ville eg heim å bu med familien min i sommarferien, seier Heidi.

I august går turen tilbake til Trondheim for å fullføre studiet ho går på.

– Eg har framleis eitt år igjen på økonomi- og administrasjonsstudiet ved NTNU. Etter endt utdanning er planane meir usikre, det vil avhenge av kor eg kan få ein god jobb som eg kan trivast i, forklarer Heidi.

Vilde Lovise Støfring Rørvik

Akkurat som Heidi er også Vilde heime frå studier i Trondheim. Vilde held på med ein master i økonomi og administrasjon på NTNU Handelshøgskulen, og i sommar får ho relevant erfaring på økonomiavdelinga i Førde.

– Eg synast det er både lærerikt og gøy å jobbe med noko som er så relevant for mi eiga utdanning! Veldig kjekt å få moglegheita til å nytte teorien i praksis, seier Vilde.

– I framtida håpar eg på å få ein spennande og variert jobb, gjerne innan finansiering og investering, som eg fordjupar meg i. Eg er også veldig glad i å reise, og eg håpar å få gjort det så mykje som mogleg, seier ho om framtidsplanane sine.

Grete Roska

I Førde har Sparebanken Sogn og Fjordane ei depotavdeling, og i sommar har Grete fått sommarjobb der.

– Grunnen til at eg ville jobbe i bank denne sommaren er fordi eg tenkte det ville vere ei god erfaring for meg, og ein fin moglegheit til å lære mykje nytt og bli kjend med nye folk, seier Grete, som studerer i Bergen for å bli grunnskulelærar.

– Ei slik jobberfaring i bank er også noko eg kan nytte når eg blir ferdig utdanna grunnskulelærar, og då særleg innan hovudfaga mine som er matematikk og og samfunnsfag.

Når det gjeld framtida håpar Grete å få seg fast jobb på ungdomsskule når ho er ferdig med masteren, og i tillegg kanskje få reist litt!

Jan-Erik Solheim

Apropos reising. Vi tek turen frå depotavdelinga i andre etasje og ned på kundesenteret i første etasje. Der er Jan-Erik å treffe, som nettopp har fullført bacheloren sin i økonomi.

– I år er det første året mitt som sommarvikar i banken, og grunnen til at eg ønskte meg hit var fordi eg følte dette var ein god moglegheit til å skaffe meg god og relevant erfaring for vegen vidare, seier Jan-Erik.

– Så langt har jobben vore kjekk og lærerik. Det er eit godt og inkluderande miljø her i banken, noko som gjer det til ein flott arbeidsplass, meiner han.

Jan-Erik satsar no på å finne seg ein fast jobb, gjerne her i nærområde.

Maria Gravdal

Saman med Jan-Erik på kundesenteret jobbar også Maria. Ho trivast godt saman med sin nye kollegaer.

– Eg har høyrt mykje bra om arbeidsmiljøet her i banken, og ein sommarjobb her er også ei god erfaring å ha med seg vidare. Det er kjekt å bli kjent med nye folk, og tileigne seg ny kunnskap, seier Maria.

Akkurat som mange andre av bankens sommarvikarar, studerer også Maria i Bergen.

– Der går eg på grunnskuleutdanning. Eg trivast godt på høgskulen, og til hausten startar eg på andre året. Framtida er vanskeleg å spå, men eg ønskjer gjerne å flytte tilbake til trivselsfylket! Eg drøymer om ein jobb som er utfordrande og gjevande, med eit godt arbeidsmiljø og som har varierte arbeidsoppgåver, seier Maria.

Niklas Helgheim

Den tredje nye sommarvikaren på kundesenteret vårt er Niklas. Han kom akkurat tilbake frå ein solfylt ferie i Frankrike, og er no i gang med sin jobb i ikkje fullt så solrike Førde.

– Denne jobben er relevant for utdanninga mi, og eg ser på Sparebanken Sogn og Fjordane som ein kjekk arbeidsplass og lærestad med mange dyktige folk, seier Niklas.

Han er godt i gang med bacheloren sin i Bergen, og når den er i boks ønskjer han å bygge på den.

– Først og fremst vil eg ta ein master i finans, og eg ønskjer å jobbe i investeringsbank med finansielle instrument, seier Niklas.

Oppe frå venstre: Niklas Helgheim, Heidi Flo Bødal og Maria Gravdal
Nede frå venstre: Vilde Lovise Støfring Rørvik, Grete Roska og Jan-Erik Solheim

Åtte veteranar

I tillegg til dei tolv som har sitt aller første sommarvikariat i banken,  har vi også åtte «veteranar» som også denne sommaren har fått seg jobb i banken.

Det er i Nordfjord Eirik Lødemel i Stryn, Anette Melheim Jensen på Nordfjordeid og Signe Bakke Svarstad i Måløy.

I Førde er det fem sommarvikarar som er tilbake denne sommaren: Eli Vindedal Langlo, Johannes Sunde Farsund, Maja Beate Vie, Vegard Steen Eikeland og Ruben Skrede.