300 000 KRONER TIL TURSKILT OG STIBYGGING

LIKE SKILT: Atle Skrede (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Astrid Kalstveit (Sogn og Fjordane Turlag) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane) foran eit eksempel på skilt som er av den nasjonale turskiltnormen.

28. juni 2019 – Kristian Helle

Turstiar skal utbetrast og skiltinga skal bli lik i heile fylket. Til dette vert det gitt ei gåve på 300 000 kroner.

– Betre tilrettelegging av turtilbod gir stor auke i turaktivitet, som igjen gir betre folkehelse. Difor er det veldig kjekt for oss å vere med å bidra til dette prosjektet, seier Pål Fidjestøl.

Han er kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som gir gåva på 300 000 frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som stiftinga forvaltar.

Prosjektet er eit samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, kommunane og Sogn og Fjordane Turlag. Det går ut på at det skal bli betre skilting langs stiar i Sogn og Fjordane, og at sjølve stiane også skal utbetrast.

Like skilt i heile fylket

Turskilt-delen av prosjektet går ut på å skilte turstiar heilt frå kommunesentera og parkeringsplassar, og fram til både dagsturhytter og andre turmål. Skilta vil vere i tråd med den nasjonale turskiltnormen, som betyr like skilt til alle turmål.  Det er også ein del av prosjektet at turstiane vert registrerte digitalt i Kartverket sine turkart, i tillegg til ut.no.

Til denne skiltinga er 200 000 kroner av den totale gåva på 300 000 gitt til kommunane.

– Sogn og Fjordane fylkeskommune har i tillegg fått godkjenning frå Kulturdepartementet om at vi kan søkje om spelemidlar til prosjektet på vegne av heile fylket.

Det seier Atle Skrede, rådgjevar i nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen. Han held fram:

– Gåva frå sparebankstiftinga, dugnad frå turlaga og spelemidlar på 50 prosent av kostnaden, gjer at dette kan gjennomførast utan kostnad for kommunane, forklarer Skrede.

100 000 reservert til materialar

Når det gjeld den andre delen av prosjektet, stibygging, har Sogn og Fjordane Turlag gjort ein kjempejobb på dette feltet i mange år, men Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ser at mykje av tida går på å hente inn finansiering til materialar.

100 000 kroner av gåva er difor reservert til Sogn og Fjordane Turlag sine lokallag for nettopp dette. Nye stiar, utbetring av stiar, og gjere det meir framkomeleg med bruer og klopper over myr, er eksempel på kva midlane skal brukast på.

– Behovet er stort for materialar som kan vere med og skåne terrenget, og tole presset frå stadig aukande turglede i distrikta. Turlaga ønskjer at folk flest skal få oppleve naturen og bli kjent i sitt eige nærområde, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Astrid Kalstveit.

– Vi i Sogn og Fjordane Turlag er takksame for dei tildelte midlane til turstiar, som turlag i fylket ryddar og held ved like på dugnad, avsluttar Kalstveit.

Status for dagsturhyttene:

Per 28. juni er status at dagsturhyttene har eit besøk på nærare 200.000, og vil passere det doble av fylkets befolkning i løpet av sommaren! 22 av 26 hytter er elles på plass, og ytterlegare to hytter er klare dei neste dagane. Den siste dagsturhytta (Vik) kjem i august.

Illustrasjonsfoto. Foto: Olav Auflem

Illustrasjonsfoto. Foto: Olav Auflem