LISBETHS SKATTEPENGETIPS

HAR TIPS: Lisbeth Aasen Andersen er kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Ho har tips til deg som får igjen på skatten.

20. juni 2019 – Kristian Helle

Er du blant dei heldige som får igjen på skatten? Kunderådgjevar Lisbeth Aasen Andersen i Sparebanken Sogn og Fjordane gir deg gode tips til kva du kan bruke skattepengane på.

20. juni er den store dagen for dei aller fleste som får igjen på skatten i år, og ifølge Skatteetaten er det 2,8 millionar nordmenn som får akkurat det. I snitt får kvar om lag 11 000 kroner.

I juni er det også mange som får feriepengar, så om du i tillegg får igjen på skatten er det ein fin start på sommaren. Då er det sjølvsagt lov å kose seg, men det er også ein fin anledning til å kvitte seg med diverse gjeld, meiner Lisbeth Aasen Andersen, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Med skattepengane på konto er det ei fin moglegheit til å betale ned på eit eventuelt forbrukslån og kredittkortgjeld. På desse er også rentene høge, så difor er det lurt å kvitte seg med den gjelda, seier ho.

– Viktig å tenke langsiktig

I tillegg til nedbetaling, er sjølvsagt også sparing eit nøkkelord.

– Det er viktig å tenke langsiktig, og har du planar om eit bustadkjøp i framtida er det veldig smart å spare til det gjennom å fylle opp BSU (bustadsparing for unge) og sparekonto. Det kan vere eit gunstig tidspunkt å gjere akkurat det no, seier Aasen Andersen.

– Og det å ha ein bufferkonto er også veldig lurt dersom det på eit seinare tidspunkt plutseleg dukkar opp uventa kostnader, legg ho til.

Lisbeth sine prioriteringstips

Det varierer sjølvsagt frå person til person kor mykje ein får igjen. Difor er det naturleg nok avgrensa kor mykje du kan betale ned på og kor mykje du kan setje av.

– Eg ville ha prioritert nedbetaling på kredittkort og forbrukslån, og å bygge opp ein bufferkonto eller BSU, seier Aasen Andersen.

Dette er altså dei viktigaste punkta kunderådgjevaren trekker fram. I tillegg nemner ho også sparing i fond, og nedbetaling av bustad- og studielån.

– Men det er sommar og ferietida nærmar seg. Då er det sjølvsagt lov å ha det kjekt også, seier ho og smiler.