SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE FEIRAR KJÆRLEIKEN

MARKERER PRIDE: Torsdag vart tre regnbogeflagg heist opp i flaggstengene på bankbygget i Førde. – Vi ønskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass, så for oss er det heilt naturleg å heise Pride-flagget, seier Trond Teigene (t.h.), administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

13. juni 2019 – Kristian Helle

For aller første gong kjem Pride til Sogn og Fjordane, og det vert markert hos Sparebanken Sogn og Fjordane.

Torsdag vart alle dei vanlege bankflagga som heng i flaggstengene på bankbygget i Førde tatt ned og erstatta av regnbogeflagg. Desse flagga vil vaie gjennom den kommande helga når Pride – Sogn og Fjordane vert arrangert for første gong.

– Eg synast det er flott at Pride kjem til Sogn og Fjordane og Førde, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Han seier at banken er veldig opptatt av mangfald og likestilling, og at det difor er heilt naturleg å heise flagga.

– Vi er ein inkluderande arbeidsplass, og det å tore og ta eit standpunkt er viktig. Samfunnet har kome langt, men det vert ikkje opplevd for alle. For framleis er det mange som synast det er vanskeleg å stå fram som homofil. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer eit samfunn som inkluderer alle, og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass som inkluderer alle. Så for oss er det heilt naturleg å heise Pride-flagget seier Teigene.

Pride – Sogn og Fjordane startar fredag kveld med snorklipping ved rådhuset i Førde. Gjennom heile helga vert det forskjellige arrangement i samband med Pride, men sjølve paraden gjennom Førde sentrum går frå Festplassen laurdag kl. 14.00.

Heile programmet finn de på Facebook-sida til Pride – Sogn og Fjordane.