BLI MED PÅ DAGSTURHYTTEJAKT!

BLI MED: Marknadssjefen vår, Gunn Aase Moldestad, er klar for dagsturhyttejakt. Det håpar vi at du også er!

Tusen takk til alle som besøker dagsturhyttene rundt om i Sogn og Fjordane. No ønskjer vi å premiere dykk. Bli med på dagsturhyttejakt!

Tusenvis av personar har allereie besøkt éi eller fleire av dagsturhyttene i Sogn og Fjordane, og  mange har begynt å «samle» på hytter.

Difor lanserer vi no den store dagsturhyttejakta! Besøk fem dagsturhytter og få ein flott premie, og dersom du er skikkeleg sprek kan du besøke alle 26 hyttene – og få ein endå større premie!

Om dagsturhyttejakta: 

I desse dagar vert det lagt ut brosjyrer i alle dagsturhyttene som er komne på plass. I brosjyrene finn du namnet på alle hyttene med felt kor du kan stemple etter kvart som du har besøkt hytta. Stempel finn du også i hytta.

Både stempel og brosjyrer er på plass i dei hyttene som hadde offisiell opning og turdag 2. juni. Dette gjeld Jølster, Naustdal, Gaular, Flora, Askvoll, Selje, Høyanger, Gloppen og Eid. I tillegg er både stempel og brosjyrer på plass på Dagsturhytta i Førde. I dei resterande hyttene som er oppkomne vert det i desse dagar jobba med å få både brosjyrer og stempel på plass.

Per i dag er det 19 hytter som er komne på plass, og i løpet av august skal det vere på plass ei Dagsturhytte i alle kommunar i Sogn og Fjordane.  Fullstendig oversikt finner du på nettsida til Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Dagsturhytta er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane i Sogn og Fjordane. Dagsturhyttene er gitt som gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Om brosjyra:
1. Skriv namnet ditt TYDELEG på denne brosjyra
2. Stemple brosjyra kvar gong du kjem til ei ny dagsturhytte
3. Du bestemmer sjølv om du vil ha liten premie (fem dagsturhytter), eller større premie (26 dagsturhytter). Når du har nådd målet ditt, går du til
nærmaste filial av Sparebanken Sogn og Fjordane og leverer inn brosjyra for å få premien. Oversikt over filialar finn du på www.ssf.no. Hugs at formålet med tiltaket er å motivere flest mogleg til å gå på tur – så ta berre ei brosjyre; og IKKJE ta med brosjyrer (eller stempel) til andre enn deg sjølv!

God tur og lukke til! 🙂

Slik ser brosjyrene ut. Dei resterande hyttene finn du på baksida.