VELKOMMEN PÅ LAGET, IL JOTUN!

NY AVTALE: IL Jotun og Sparebanken Sogn og Fjordane har inngått ei samarbeid for dei tre neste åra. I midten Laila Ruud, banksjef i Sogn, og Arnt Stølen Moen, leiar i IL Jotun. Foto: Morten Sortland/Sogn Avis

5. juni 2019 – Kristian Helle

IL Jotun har signert ei treårsavtale med Sparebanken Sogn og Fjordane. 

Under opninga av Dagsturhytta i Årdal for ein knapp månad sidan vart det offentleggjort at Årdal kommune fekk 500 000 kroner til oppgradering av Jotun stadion. Desse pengane fekk kommunen frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

No er det også klart at IL Jotun har signert ei sponsoravtale med Sparebanken Sogn og Fjordane. Denne avtalen går over tre år.

– Det er mykje spennande som skjer i Årdal for oss som bank. Vi ser god utvikling i avdelinga vår, og eg tykkjer det er utruleg spennande å få vere med eit så stort idrettslag som Jotun. Vi ser på det som eit samfunnsansvar å få vere sponsor for ei så stor gruppe, og eg er sikker på at vi skal få til eit godt samarbeid, seier Laila Ruud, banksjef for privatmarknad i Sogn, til Sogn Avis.

Sogn Avis tok turen innom Jotun stadion og møtte både banksjef Ruud, utøvarar og leiarar i IL Jotun. Er du abonnent hos Sogn Avis, kan du lese saka her.

– Banken har vist gjennom mange år at dei er ein viktig aktør for idretten i heile fylket. Dei har også bidrege mykje til samfunnet i Årdal, som til dømes tribuneanlegget, Dagsturhytta på Moakamben og ikkje minst til rehabilitering av kunstgrasbana på Jotun stadion, seier Mona Nytun i IL Jotun til Sogn Avis.

Avtalen vart signert av Laila Ruud og leiar i IL Jotun, Arnt Stølen Moen.

Også Porten.no har omtala sponsoravtalen. Den saka kan du lese her.

SAMARBEID: Leiar i IL Jotun, Arnt Stølen Moen, og banksjef Laila Ruud. Foto: Morten Sortland/Sogn Avis