DALE IL HANDBALL FÅR 150 000 KRONER TIL KLUBBUTVIKLING

AVTALE: Leiar i Dale IL Handball, Ainor Naustdal (t.v.), og Torunn Mattson, banksjef i Fjaler saman med 20 av dei 220 aktive i handballgruppa til Dale. Bakerst ser vi sportsleg leiar Jonny Pedersen, som har mykje av æra for dei gode resultata Dale kan vise til.

27. mai 2019 – Kristian Helle

– Dette betyr mykje for oss når det gjeld å vidareutvikle ungdomshandballen, seier Ainor Naustdal, leiar i handballgruppa til Dale IL.

Dale IL Handball har imponerande resultat å vise til når det gjeld utvikling av unge spelarar, og klubben har mellom anna fått fram Ungarn-proff Kjerstin Boge Solås, som 18-åring var med å vinne EM med Norge, og fleire andre som er nøkkelspelarar på Førde sitt 1.-divisjonslag.

Handballgruppa ønskjer no å vidareutvikle ungdomshandballen endå meir, og til det har dei fått 150 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane.  Desse pengane vert fordelt over ein periode på tre år, og midlane er i tillegg til den ordinære sponsoravtalen Dale IL Handball akkurat har forlenga med banken.

– Handballgruppa i Dale har imponerande resultat å vise til, spesielt på jentesida, og det er no kjekt å sjå gutesatsinga som er i klubben. Mellom anna med at dei i kommande sesong har eit 16-årslag med i nasjonal serie, seier Torunn Mattson, banksjef i Fjaler.

Nasjonal serie med to lag

I denne nasjonale serien skal Dale også ha eit jentelag, og på desse laga kan Dale bruke spelarar frå andre klubbar dei samarbeider med.

– Desse midlane betyr mykje for oss når det gjeld å vidareutvikle ungdomshandballen. Vi ønskjer å gi eit breiast mogleg tilbod, og vi har både eit J16- og G16-lag påmeldt til BRING-serien (nasjonal serie) kommande sesong. I denne serien har vi også med spelarar frå andre klubbar, og det er bra for utviklinga for spelarar i Sogn og Fjordane, seier Ainor Naustdal, leiar i Dale IL Handball.

Klubbane Dale har ein formell samarbeidsavtale med er Askvoll/Holmedal, Gaular, Førde, Høyang, Sogndal og Gloppen.

– Sjølv om desse midlane går til handballgruppa til Dale, vil også pengane vere til god nytte for andre handballspelarar i fylket gjennom samarbeidet Dale har med fleire klubbar. Difor er det veldig kjekt for oss i Sparebanken Sogn og Fjordane å innvilge desse utviklingsmidlane, seier Mattson.

Auka med 140 aktive på ti år

Dale-handballen kan også vise til ein imponerande vekst dei siste ti åra. I dag er dei 220 aktive, medan dei for ti år sidan var 80.

– Ungdomshandballen i Dale er i vekst, her er lite fråfall. Vi har eit miljø dei trivast i, og det ser vi, seier Naustdal.

Pengane frå Sparebanken Sogn og Fjordane skal vere med på å dekkje følgande:

  • Gratis trenarkurs for å vidareutdanne trenarane i Dale IL, i tillegg til klubbane dei samarbeider med. Dale har i dag formelle samarbeidsavtalar med Askvoll/Holmedal, Gaular, Førde, Høyang, Sogndal og Gloppen.
  • Halde inspirasjonssamlingar med trenarar frå landslag og eliteserie,
  • Ha kurs i ernæring og basistrening med skadeforebyggande trening
  • Støtte til leige av handballbil for bruk på landslagssamlingar, bylagssamlingar, regionale utviklingsmiljø og kampar i serien.
  • Handballgruppa ønskjer å sette ned eit ungdomsutval beståande av to spelarar frå kvart lag f.o.m. 13 år. Utvalet skal jobbe med tiltak for å behalde flest mogleg lengst mogleg.

FORNØGD: – Dette betyr mykje for oss når det gjeld å vidareutvikle ungdomshallen, seier Ainor Naustdal (t.h.). Her saman med Torunn Mattson.

SOLID KARRIERE: Sportsleg leiar Jonny Pedersen har ei solid karriere å vise til med spel i eliteserien og 1. divisjon i 15 år. Han har vore trenar i Dale sidan 2007, og vore ein sterk ressurs sidan.