350 000 KRONER TIL UTVIDING OG OPPGRADERING AV GOKARTBANE: – DETTE HJELPER OSS VERKELEG

STORE SMIL: Medlemmane i NMK Sunnfjord kunne glise etter å ha blitt tildelt ei gåve på 350 000 kroner. – For oss er dette fantastisk viktig, seier Jarle André Tveit (t.v.) som her gir banksjef Roy Stian Farsund eit takknemleg handtrykk.

23. mai 2019 – Kristian Helle

Stemninga stod i taket då NMK Sunnfjord fekk ei gåve på 350 000 kroner til sitt store prosjekt. No håpar dei på gokart-NM til Førde i 2021.

– For ein klubb som NMK Sunnfjord så er dette fantastisk viktig. Vi har planar om å oppgradere og utvide gokartbana, og eit slikt beløp saman med tippemidlar hjelper oss verkeleg, seier Jarle André Tveit, leiar i NMK (Norsk Motor Klubb) Sunnfjord.

Gåva på 350 000 kroner kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Gåvesjekken med det symbolske beviset vart overrekt av banksjef Roy Stian Farsund på NMK Sunnfjord sitt medlemsmøte i Kråkenesmarka onsdag kveld.

– Dei fleste her visste at vi skulle få ei gåve, men ikkje alle visste kor mykje. Då summen vart kjend var det mange som reagerte kraftig. «Wow, dette var jammen bra», var det mange som reagerte med, seier Tveit.

Håpar på NM til Førde

Gåva er eit bidrag til eit stort prosjekt klubben har på gang no, og som nemnt har dei planar om å oppgradere og utvide bana. Det store målet er å få NM i gokart til Førde i 2021.

– Det har vi som eit hårete mål, ja. For å få arrangere NM er det krav på kor stor bana må vere, og vi håpar at vi får dette i boks slik at vi får sendt ein søknad i 2020, seier Tveit.

Han legg til at det ikkje berre er for eit eventuelt NM at dei no skal oppgradere.

– Anlegget er nokre år gammalt og treng rehabilitering. Og med å både rehabilitere og utvide samstundes, i staden for å gjere det på to forskjellige tidspunkt, reduserer vi også totalkostnaden. Når utvidinga er på plass, kan ein også køyre motorsykkel på bana, og det er veldig positivt med tanke på trafikksikkerheit. Vi har mange glade medlemmer no, seier Tveit.

Klubben nærmar seg 200 medlemmar, og med den kommande utbygginga håpar Tveit at medlemsmassen skal halde fram med å vekse.

– Vi har stor dugnadsvilje i klubben vår, og mellom anna med gåva vi no får frå banken, gjer at vi kan utvikle oss mykje og dermed få nye medlemmar.

Banksjefen: – NMK Sunnfjord har alltid imponert meg

Roy Stian Farsund, som overrekte gåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane, seier at det var veldig kjekt å stikke innom medlemsmøtet til NMK Sunnfjord for å lage god stemning.

– NMK Sunnfjord har alltid imponert meg. Dei har ved hjelp av kløkt og ein imponerande dugnadsinnsats over mange år bygd eit anlegg det står stor respekt av, både i omfang og kvalitet. Dette gjer seg ikkje sjølv, så her har mange gode eldsjeler vore i sving, rosar Farsund, som er banksjef for bedriftsmarknad i Førde.

Farsund trekker fram at eit godt anlegg og ivrige foreldre som støttespelarar får fram gode sportslege prestasjonar, og viser til Tore Valvik sin NM-tittel i 2017 og at Håvard Hallerud no er godt i gang med sin første sesong som Formel 4-førar, som den første nokon gong frå Sogn og Fjordane.

– Like flott er det også å sjå all aktiviteten blant dei 200 andre medlemmane i klubben. Det er denne aktiviteten som får fram dei gode prestasjonane, og samstundes blir desse flotte prestasjonane ein fin inspirasjon til alle andre som er med, seier banksjefen.

– Det er veldig kjekt at vi gjennom midlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane kan vere med å bidra til at prosjektet med utvidinga og oppgraderinga vert realisert, avsluttar Farsund.