Ein av fem reiser utan forsikring

Sjukdom eller ulykke i eit framand land, er noko mange fryktar på reise. Likevel reiser ein av fem utan forsikring. Det kan fort gi svært høge kostnader.

Nordmenn er på verdstoppen i reising, og reiser oftare og lengre enn tidlegare. Reisevande som nordmenn er, er vi som oftast flinke til å tilpasse oss kulturen vi møter og ta førehandsreglar. Likevel blir 100.000 nordmenn sjuke i utlandet i år. Reiseforsikringa er den av forsikringane våre vi oftast har bruk for. Kvart år bruker ein av seks reiseforsikringa si i Frende Forsikring, som Sparebanken Sogn og Fjordane er medeigar i.

Utan forsikring
No kjem det fram i ei undersøking Opinion har gjort for finn.no, at kvar femte nordmann reiser utan forsikring. Er du uheldig på reise, og må på sjukehus eller ha heimtransport med ambulansefly frå utlandet, kan utgiftene bli svært høge. Det høgaste kravet Frende har utbetalt så langt i år, var på 1,5 millionar kroner.

Reiseråd frå UD
Ei god reiseforsikring er eit eintydig råd og frå Utanriksdepartementet, som har eigne offisielle reiseråd på www.landsider.no
Sjekk at forsikringa du alt har, er dekkjande for di neste reise. Blir du sjuk, eller utsett for ei ulykke langt heimanfrå, ringer du Frende sin norske alarmsentral, og får hjelpa du treng av medisinsk personell som kjenner dei lokale førehalda der du er.

Familien er med
Har du ungar er det greitt å vite at dei er dekka på ei familieforsikring. I Frende er barn inntil 20 år, som reiser saman med besteforeldre eller oldeforeldre omfatta av deira reiseforsikring, så lenge barna ikkje er omfatta av annan reiseforsikring. Det kan godt vere vaksne barn treng hjelp til å kjøpa eiga forsikring når tida er inne.

God dekning, låg pris
Noregs beste vilkår gir familien uavgrensa dekning for legeutgifter, sjukehusopphald og heimtransport, men òg inntil kr 200.000 for familiens tapte reisegods og bagasje. Reiseforsikringa gjeld i hele verda inntil 65 dagar, men og på fritida – når du ikkje er heime, på arbeid eller skule.
Det er låg pris og gode dekningar som gjer at Frende får terningkast 6 i årets testar. Reiseforsikringa dekker:
• Inntil kr. 100.000 åleine, og inntil kr. 200.000 for familien om du må avbestille.
• Inntil kr. 100.000 per person om reisa vert avbroten.
• Inntil kr. 80.000 per person, og kr. 200.000 for familien for tapt reisegods.
• Inntil kr. 5.000 om du vert forseinka til feriestaden.
• Inntil kr. 5.000 om bagasjen blir  meir enn fire timar forseinka.
• Inntil kr. 100.000 for tapte feriedagar.
• Inntil kr. 500.000 for vaksne og kr. 600.000 for barn på ulukkesdekninga.
• Inntil kr. 15 millionar for ansvarsskade.

Nytt i år
• Er det Kilimanjaro eller andre aktive feriar som freistar, dekker Frende høgdesjuke og ekspedisjonar opp til 6000 meter.
• Reiseforsikringa dekker veterinærutgifter inntil 1000 kroner for kjæledyr som er med på reise i hele verda utanfor Norden.
• Reiseforsikringa dekker eigenandel ved skade på leiebil på feriereisa, med inntil kr. 8000.