100 000 KRONER TIL UTKANTFESTIVALEN FOR MILJØTILTAK

UTDELING: Banksjef Torunn Mattson og festivalsjef Viggo Randal.

10. mai 2019 – Kristian Helle

– Skjerjehamn er ei perle, så det er veldig viktig for oss å etterlate den slik vi fann denne perla, seier Viggo Randal, festivalsjef for Utkantfestivalen.

Dei er tildelt ei gåve på 100 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Desse pengane får dei gjennom prosjektet «Grøn Festival», eit miljøtiltak musikkorganisasjonen Brak har koordineringsansvar for. Prosjektet blei lansert i januar i år, og til det treårige prosjektet fekk Brak ei gåve på 650 000 kroner.

Dette er tiltaka

Utkantfestivalen er altså ein del av «Grøn Festival», og dei har  sett i gong fleire tiltak for å gjere festivalen sin meir miljøvenleg.

Festivalsjef Viggo Randal seier dei har eit hårete mål om 50 prosent mindre restavfall gjennom kjeldesortering av avfallet. I tillegg skal dei ha tilgjengeleg straum til båtane, slik at dei ikkje vert ståande å gå.

– Det er for å få ned CO2-avtrykket på vår festival. Vi kjem også til å ha bestikk, glas og fat som kan komposterast, forklarer Randal.

Utkantfestivalen ønskjer sterkt å vere gode på informasjon til festivaldeltakarane for å få dei til opptre mest mogleg miljøvenleg.

– Skjerjehamn er ei perle, så det er veldig viktig for oss å etterlate den slik vi fann denne perla. Vi er veldig klare på at når vi er ferdige med helga så skal det ikkje vere spor etter at vi har hatt det triveleg. Det er ikkje noko kjekt om dei som er i Skjerjehamn etter festivalen skal gå å plukke boss frå Sognefjorden, seier Randal.

Håpar at prosjektet sprer seg

Torunn Mattson, banksjef i regionen, møtte Randal torsdag og gav han det symbolske beviset på pengetildelinga.

– Vi er  først ute med miljøsertifisering av festivalar, og vi har eit håp om at prosjektet blir rulla ut i Hordaland og i resten av landet dersom det blir vellukka her i Sogn og Fjordane. Vi har veldig trua på tiltaka Utkantfestivalen no har sett i gang, og det er difor veldig kjekt å kunne gi dei denne gåva, seier Mattson.

Randal er sjølvsagt også veldig fornøgd med gåva.

– Pengane kjem veldig godt med, og dei betyr at vi verkeleg får kickstarta miljøsatsinga vår i år, seier han.

Årets utgåve av Utkantfestivalen vert arrangert 25.-28. juli.