GIR SEKS MILLIONAR TIL KALDHALL: – VI ER UTRULEG TAKKNEMLEGE!

GOD STEMNING: Denne store gjengen med aktive i Dale IL kan glede seg til at det no kjem kaldhall på Dingemoen Idrettspark. Foto: David Zadig

6. mai 2019 – Kristian Helle

– Dette er heilt avgjerande for at vi kan realisere denne hallen allereie no, strålar Linda Hovland, leiar i Dale Idrettslag.

Gjennom Sparebankstiftinga Fjaler har Dale Idrettslag fått 2 125 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Desse midlane bidreg til realisering av kaldhall på Dingemoen Idrettspark i Dale. Kaldhallen fekk også gåve i 2018 på 2 850 000 kroner, og i 2020 er det lovd éin million til prosjektet.

Med andre ord lyder det samla bidraget over tre år på 5 975 000 kroner.

– At vi har ein lokal bidragsytar som kan gå inn med ein så stor del,  er vi utruleg takknemlege for. Det er heilt avgjerande for at vi kan realisere hallen allereie no. Det hadde teke lengre tid om vi skulle hente desse midlane frå fleire mindre aktørar. Vi er heldige! meiner Linda Hovland, leiar i Dale Idrettslag.

Eit stort løft for bygda og kommunen

I tillegg har kommunestyret i Fjaler vedteke ei tilleggsløyving på to millionar kroner, og det betyr at finansieringa er i boks.

– Støtta vi har fått er ei stor vitamininnsprøyting for lysta til å stå på vidare med dugnad og frivillig innsats, seier Hovland.

Torunn Mattson, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef for privatmarknad i Dale, besøkte Dingemoen før helga og gav dei mange frammøtte sjekken som er beviset på pengetildelinga.

– Det er eit felles ønskje både frå banken og idrettslaget å bidra til auka tilbod for organisert og uorganisert aktivitet i lokalsamfunnet, og på den måten bidra til betre folkehelse og eit attraktivt samfunn, seier Mattson.

Ho held fram:

– Denne hallen vil vere eit stort løft for bygda og kommunen, men også for dei nærliggande kommunane som Askvoll og Hyllestad.  Difor er det veldig kjekt å kunne bidra til at denne hallen no vert ein realitet, seier Mattson.

– Kan nyttast av fleire enn idretten

Mattson sine ord vert støtta av Hovland i Dale IL. Ho meiner at kaldhallen ikkje berre vil styrke idretten, men også tilbodet ved Dale vidaregåande skule.

Hovland trekker også fram at Dale som tettstad er vedteken av fylkeskommunen som bu-, arbeids- og servicesenter (BAS) i regionen.

– Som den einaste reine fotballhallen i regionen håper vi at anlegget vil vere attraktivt for lag elles i kommunen og nabokommunar. Ein slik hall vil også kunne nyttast av mange ulike aktørar og ikkje berre idretten, seier Hovland, og legg til at ho er imponert over arbeidet som vert lagt ned blant dei frivillige i klubben.

–  Eg har lyst å trekke fram Vegard Strand som primus motor for arbeidet. Han i lag med nemnda for kaldhallen har verkeleg stått på og brukt tallause timar for å få realisert denne, rosar ho.

Om framdrifta går etter planen vert spaden sett i jorda på Dingemoen til hausten.

Fleire gåver til Fjaler- og Holmedals-området

Gåva til Dale Idrettslag er berre ei av mange gåver som i desse dagar vert delt ut i Fjaler- og Holmedals-området.

Til saman vert det delt ut 3 108 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, via Sparebankstiftinga Fjaler, som eig om lag seks prosent av banken.

Den desidert største gåva er til kaldhallen i Dale, men det er også fleire andre gåver med fine summar. Den nest største tildelinga går til Fure Idrettslag, på 200 000 kroner. Desse pengane skal nyttast på trimrom ved Våge skule. Dei fekk også 200 000 kroner frå overskotet til banken i fjor, 100 000 kroner frå Sparebankstiftinga Fjaler og 100 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Vi er veldig takknemlege for gåvene, og dei er sjølvsagt til kjempegod hjelp for oss. Vi er eit relativt lite idrettslag, og at vi i det heile teke har moglegheit til å søke om slike summar er luksus. Utan denne hjelpa hadde det teke betrakteleg lengre tid å realisere trimrommet, seier Hans Lammetun i Fure IL.

Han seier at håpet er at det skal vere klart til bruk til nyttår.

Her er oversikt over alle tildelingane i Fjaler- og Holmedals-området i 2019:

ORGANISAJON PROSJEKT TILDELING
Bjerga leikeplass Utbetring leikeplass på Bjerga 15 000
Dale musikkorps Instrumentkjøp 20 000
Dale musikkorps Aspirant- og junioropplæring 30 000
Guddal ungdomslag Oppussing av toaletta på ungdomshuset Fjelljom 13 500
Fjorden grendalag Vedlikehald grendahuset 10 000
Fure og Våge Grendahus Ny taktekking og ny isolering av tak på samfunnshuset 100 000
Våge Grendalag ved Våge Brannvern Våge Brannvernutval personleg verneutstyr 20 000
Jakob Sande-selskapet Diktarbustad i Jakob Sande-tunet 50 000
Dale idrettslag Kaldhall i Fjaler 2 125 000
Fjaler kommune HAFS United – tilrettelagt handballlag i HAFS 20 000
Dalsfjorden spelemannslag Driftsstøtte og planlegging Fylkeskappleiken i mars 2020 10 000
Folkestad bedehuskapell Automatisk ringeanlegg i Folkestad bedehuskapell 40 000
Fjaler kommune Aktiv i HAFS 50 000
Flekke grendalag Aktivitets- og klatreløype i området rundt Flekke skule 80 000
Askvoll og Holmedal skyttarlag Utstyr til utlån for ungdom til trening og konkurransar 20 000
Fure idrettslag Midlar til utbetring av tursti til dagsturhytte på Bygdaheia 15 000
Dale barnekor Kortur til Sætervika Ungdomsenter 5 000
Indre Sunnfjord turlag Arrangere «Kom deg ut»-dag september 2019 10 000
Blandakoret Dekor Aktivitetsstøtte 5 000
Askvoll og Holmedal idrettslag Utbetring av Hilvang, fotballbana i Holmedal 50 000
Straumsnes grendelag Takreparasjon av Straumsnes Grendahus 50 000
Dale ungdomslag Støtte til visning av film for barnehage og skuleelevar 15 000
Helle og Vårdal bygdelag Utviding og oppussing av kjøkken i Vårdal Grendahus 30 000
Holeholten 4H Ny lavvo 5 000
NFU Askvoll-Fjaler-Hyllestad lokallag Førjulssamling medlemer og føresette 5 000
PreForm AS Ruste opp «Samvirkelaget» i Dale sentrum til kulturarena med scene 100 000
Fure idrettslag Trimrom ved Våge skule 200 000
Guddal familiekor Ymse aktivitetar 5 000
På Rappen På Rappen 9 500
SUM: 3 108 000