1 MILLION KRONER DELT UT UNDER OPNINGA AV DAGSTURHYTTA

FEM I VÅGSØY: Desse vart tildelt gåver i Vågsøy.

3. mai 2019 – Kristian Helle

Under dei fire offisielle dagsturhytteopningane vart det delt ut gåver på til ein verdi av over éin million kroner. 

Opninga av Dagsturhytta i Stryn, Vågsøy, Førde og Sogndal sist veke vart ein folkefest frå start til slutt, og om lag 1500 små og store bidrog til god stemning.

I tillegg til snorklipping og storslått opning av dei fire hyttene, vart det også delt ut ei rekkje pengegåver til allmennyttige formål. Til saman vart det delt ut 1 065 000 kroner fordelt på elleve gåver.

Pengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, og vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Dag 1: Utandørs kulturscene i Stryn

Den første av dei til saman elleve gåvene vart delt ut i Stryn, som fekk æra av å ha den første offisielle opninga av Dagsturhytta Kloppemyra sist torsdag.

Der vart det delt ut 200 000 kroner til Stiftinga Heradsheim, som i samband med opprustinga av Per Bolstad plass ønskjer å lage ei utandørs kulturscene som lett kan nyttast til ulike arrangement. Målet er å skape ei lågterskel-scene som born og unge, grupper og lag, band og ikkje minst alle festivalane i Stryn kan nytte.

– Det synest vi er eit strålande tiltak som vil vere med å legge til rette for eit levande sentrum i Stryn. Difor er det utruleg kjekt å kunne bidra til realisering ved å dele ut ei gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane på kr 200 000 til dette formålet, seier Odd Kjetil Tonning, banksjef for privatmarknad i Stryn.

Artikkelen held fram under.

KULTURSCENE: Stiftinga Heradsheim mottok gåve på 200 000 kroner.

Dag 2: 280 000 kroner i Vågsøy

Dagen etter var det ny opning av Dagsturhytte, og ny runde med gåveutdeling. Denne gong på Kletten i Vågsøy. Her vart gitt fem gåver på til saman 280 000 kroner.

Vågsøy kommune vart her tildelt 100 000 kroner til prosjektet deira med utlånssentralen BUA.

50 000 kroner vart tildelt både Skavøypoll Idrettslag, som skal bruke pengane på turløypa i Deknepollen, og til Ytre Nordfjord Bueskyttere. Sistnemnde skal bruke si utdelte gåve til å kjøpe utstyr til klubben.

Dei to siste gåvene i Vågsøy gjekk til Flatraket Idrettslag og Ytre Nordfjord Turlag, begge på 40 000 kroner. Sistnemnde skal nytte pengane på gapahuk på Vombaneset i Vågsvåg, medan Flatraket IL skal investere i nytt tumblingsutstyr til turn.

– Alle desse gjer ein fantastisk jobb i lokalsamfunnet, og desse gåvene er berre noko av det vi kjem til å dele ut i år, seier Ole Aukland, banksjef for privatmarknad i Ytre Fjordane.

Dag 3: Løypemaskin, buldrevegg og elvekajakkar

Den største gåva var på 350 000 kroner, og den var det Langeland Ski- og Fritidssenter som fekk. Denne gåva vart utdelt på dag tre av Sparebanken Sogn og Fjordane sin dagsturhytteturné. Desse pengane bidreg til innkjøp av ny løypemaskin.

– Det er svært gledeleg å gi denne gåva til Langeland Ski- og Fritidssenter, som er det mest besøkte langrennsanlegget i Sogn og Fjordane. Skisenteret har ei regional rolle, men også andre enn innbyggarar i Sunnfjord brukar dette. I tillegg til stor breiddeaktivitet har det med utgangspunkt i det gode langrennsmiljøet i Gaular og Førde kome fram løparar som hevdar seg i norgestoppen, seier Elin Aaland, banksjef på privatmarknad i Førde.

Det vart også delt ut to gåver til i Førde, nemleg til Sunnfjord Kajakklubb og Våtedalen Tindeklubb.

Tindeklubben fekk utdelt ei gåve på 100 000 kroner, som skal vere med på å finansiere buldrevegg i sandhallen på Vie.

Når det gjeld kajakklubben fekk dei 75 000 kroner, og desse pengane er eit bidrag til å finansiere innkjøp av fem elvekajakkar.

Les om gåvene i Sogndal under bildet.

I FØRDE: Til saman 525 000 kroner vart utdelt i Førde.

Dag 4: Gåver til naturen

På dag fire, i Sogndal, vart gåvedrysset avslutta for helga med å dele ut to pengegåver ved Stedjestova.

Den eine var det Kjørnes Velforening som fekk, og dei fekk 35 000 kroner til oppsetting av to gapahukar.

Kaupanger Speidargruppe fekk 25 000 kroner til kjøp av utstyr til leir.

– Dei to gapahukane til Kjørnes Velforening kjem til å bli veldig bra for nærområdet, både for barn, ungdommar og vaksne som likar å vere ute i naturen. Det same gjeld gåva til speidargruppa, ein organisasjon som brukar mykje av tide si ute i naturen, seier Laila Ruud om dei to gåvene i Sogndal. Ho er banksjef for privatmarknad i Sogndal.