LANSERER NY PRIS I VESTLAND FYLKE: – VI HEIAR PÅ DEI SOM VIL TENKE NYTT

NY PRIS: I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge avd. Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune skal Sogn og Fjordane Energi og Sparebanken Sogn og Fjordane til hausten dele ut ein ny innovasjonspris i Sogn og Fjordane og Hordaland. – Å skape grøn omstilling er mellom dei viktigaste oppgåvene vi  har i vår tid, seier Johannes Rauboti (t.h.), konsernsjef i SFE. Her saman med Trond Teigene, adm.dir. i Sparebanken Sogn og Fjordane.

3. april 2019 – Kristian Helle

Ein heilt ny pris ser dagens lys i Hordaland og Sogn og Fjordane i år. – Vestland vert ein realitet, og då må vi løfte blikket og tenke nytt, seier Trond Teigene.

Han er administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, og saman med Sogn og Fjordane Energi (SFE) har dei med seg Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeidet om ein heilt ny innovasjonspris.

DRIV er namnet, og den vert delt ut for aller første gong i september i år.

Dette er DRIV

Med DRIV-prisen vert målet å løfte fram innovative idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det «grøne skiftet».  Bidraget kan både vere eit gründerprosjekt eller ein ny patent, eller ein forretningsidé frå etablerte verksemder eller organisasjonar.

Bidraget må også ha forretningsadresse i nye Vestland fylke, og bidraget som vinn må ha eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar i nye Vestland fylke.

– Å skape grøn omstilling er mellom dei viktigaste oppgåvene vi  har i vår tid. I det arbeidet kan vi alle bidra, både som enkeltmenneske og saman med andre. Denne prisen er eit bidrag frå oss til å løfte fram idear frå vår region som bringer oss nærare det grøne skiftet, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE.

Rauboti er sjølv éin av fem i ein sterk fagjury som skal kåre tidenes første DRIV-prisvinnar. Dei fire andre er Trond Teigene (administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane), Berit Rokne (rektor på Høgskulen på Vestlandet), Bård Sandal (fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke) og  Nina Broch Mathisen (direktør for Innovasjon Norge avd. Vestlandet).

– Vi håpar prisen kan bidra til å omskape idear til lønsam forretning og verdiskaping. For  klimautfordringa er ikkje berre trussel, den skapar også nye moglegheiter, seier Rauboti.

Moglegheitene med samanslåing

Nettopp det med nye moglegheiter er noko av det Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane også trekk fram.

– Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane har ei lang historie der vi har delt ut Tempoprisen, som i 2012 vart Gründerprisen. Det er ein pris som har treft heile Sogn og Fjordane. Vestlandet vert ein realitet, og då må vi løfte blikket og tenke nytt, seier Teigene.

Han held fram:

– Derfor er timinga for denne prisen god, både med tanke på geografien og at vi får det grøne stempelet på prisen. Både vi i Sparebanken Sogn og Fjordane og næringslivet elles ser moglegheitene samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland gir.

DRIV vert delt ut for første gong på næringskonferansen Kraft i Vest på Sandane helga 26.-27. september. Vinnaren vert tildelt 200 000 kroner, medan andreplassen får 50 000 kroner. Tredjeplassen får 30 000 kroner.

– Det som er med denne prisen er at vi må sjå på entreprenørar og gründerar med gode idear, som har evne og vilje til å prøve noko nytt. Å skape engasjement for nyetablering, det er noko vi treng. Dei heiar vi på! seier Teigene.

Kriterium for DRIV-prisen:

  • Prisen skal bidra til å løfte fram nye konsept, produkt eller tenester frå heile det nye Vestland fylke. Det betyr også at finalistane må ha tilhald i, eventuelt forretningsadresse i, dette området.
  • Vinnaren har eit konsept, produkt eller teneste med spesielt stort potensial til å setje fart i det grøne skiftet. Det representerer innovasjon og nytenking i stor grad – og der potensialet i større grad ligg i framtida enn i fortida
  • Bidraget som vinn må ha eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar i nye Vestland fylke.
  • Det kan vere både eit gründerprosjekt eller ein ny patent eller forretningsidé frå etablerte verksemder eller organisasjonar

Slik nominerer du ditt bidrag

  • Send ditt bidrag til post@drivprisen.no med emnefeltet «Nominasjon – Drivprisen 2019″
  • Frist for innsending av bidrag er 1.juni 2019.
  • Kåringa finn stad under Kraft i Vest på Sandane 26.-27.september 2019
  • Nettstad: www.drivprisen.no