Sindre er ny styreleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane

27.03.2019 – Johanne Sandnes

Sindre Kvalheim (42) er Sparebanken Sogn og Fjordane sin nye styreleiar.

Sindre Kvalheim bur i Vågsøy og er til dagleg administrerande direktør i LocalHost gruppen. Kvalheim har vore styremedlem i Sparebanken Sogn og Fjordane sidan 2011, og har vore vara sidan 2009. I generalforsamlinga i banken 27. mars vart Kvalheim valgt som ny styreleiar.

– Etter 9 år i styret gler eg meg til å ta tak i rolla som styreleiar. Eg er audmjuk til den tilliten eg har fått frå generalforsamlinga, og gler meg til å leie eit kompetent og godt samansett styre, seier Kvalheim.

Kvalheim overtar som styreleiar etter Hallgeir Kleppe, som går av etter 9 år som styreleiar. Kvalheim overtar i ei tid med store endringar i bankbransjen og i lokalsamfunnet.

– Dei norske sparebankane er i utgangspunktet veldig like og svært regulerte, men Sparebanken Sogn og Fjordane sin kunnskap og nærleik til nye Vestland fylke, kombinert med vår beviste evne til omstilling og dedikerte tilsette, gjer at vi kan takle utfordringane som ligg foran oss. Vi må ha et langsiktig syn på industri, teneste og primærnæring, samtidig som vi må tilpasse ei stadig større grad av ny digital økonomi og nye typar teknologibedrifter som og trenger en aktiv bank. Sparebanken Sogn og Fjordane skal vere en merkbar drivkraft for fylket også i framtida,

Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, meiner Kvalheim er godt skodd for rolla som leiar.

– Først av alt vil vi takke Hallgeir Kleppe for innsatsen i sine mange år som ein god styreleiar. Kvalheim har lang fartstid i styret, og har opparbeida seg ein solid kunnskap om drifta og bransjen generelt. I tillegg sit han på stor kompetanse rundt teknologi og utvikling som vil vere svært viktig for banken framover, seier Teigene.

Valet av ny styreleiar vart gjort under Generalforsamling i banken 27. mars. Der vart det og vald inn to nye styremedlemmar, Magny Øvrebø og Johnny Haugsbakk. Øvrebø er administrerande direktør i Holberg Fondene medan Haugsbakk er CEO i Elcap Invest.

– Øvrebø har solid erfaring frå bank som tidlegare investeringsdirektør i Nordea Liv, og Haugsbakk har lang erfaring frå ulike roller næringslivet som gjer at begge to vil vere gode ressursar inn i styret, fortel Teigene.

Sparebanken Sogn og Fjordane sitt styre består no av Sindre Kvalheim (leiar), Ingelise Arntsen (nestleiar), Lise Mari Haugen, Heidi Grande Røys, Marie Heieren, Jo Dale Pedersen, Johnny Haugsbakk, Magny Øvrebø og fast møtande vara Geir Opseth.