Offisiell opning av Dagsturhyttene

No har kvar kommune fått si eiga hytte, og dette vil vi feire! 25. – 28. april kan du vere med oss og eventyrar Aleksander Gamme på tur til fire av dagsturhyttene i fylket. På kvelden inviterer vi i tillegg til gratis foredrag med Gamme, der han vil snakke om folkehelse og korleis bruke naturen som rekreasjon. 

Tid og stad foredrag

Tid og stad hyttefeiring

Stryn: 25. april, oppmøte ved dagsturhytta klokka 17.00
Måløy: 26. april, oppmøte ved dagsturhytta klokka 17.00
Førde: 27. april, oppmøte ved dagsturhytta klokka 13.00
Sogndal: 28. april, oppmøte ved dagsturhytta klokka 13.00

Ta med eigen mat og drikke, så ordnar vi premieutdeling og god stemning. Til foredraget på kvelden treng vi påmelding. Sjå tid og stad, og meld deg på i tabellen nedanfor.

Det blir også arrangert turdag til fleire av dei andre hyttene 2. juni. Meir informasjon om dette kjem seinare.

Dagsturhytta

Dagsturhytta er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. Dagsturhyttene er gitt som gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, er 150 millionar delt ut til allmennnyttige formål i fylket dei siste fem åra.