300 000 KRONER TIL FRILUFTSLIV OG LEIR

SKAL FORDELAST UT: – No kan vi løfte arbeidet med friluftsliv og invitere til fleire lokale leirar i 4H-klubbane, seier Åge Avedal i 4H Sogn og Fjordane. Her med Elin Aaland, banksjef for privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.

22. mars 2019 – Kristian Helle

4H Sogn og Fjordane får ei gåve på 300 000 kroner til si satsing på friluftsliv og leirar for barn og ungdom.

– Ei flott gåve! No kan vi løfte arbeidet med friluftsliv og invitere til fleire lokale leirar i 4H-klubbane, seier Åge Avedal og smiler.

Han er regionsleiar i 4H Sogn og Fjordane.

– I 4H lærer ein seg å ta ansvar tidleg

Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– 4H er ein organisasjon som står for gode verdiar, og dei som vert med i 4H lærer seg tidleg å ta ansvar. For i 4H er det ungdommen som styrer, og det er veldig god læring og erfaring å ta med seg.

Det seier Elin Aaland, banksjef for privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.

–  I 4H er det «å lære ved å gjere» som tel, og for oss er det veldig kjekt å kunne gi denne gåva til 4H, held Aaland fram.

Størstedelen vert fordelt mellom klubbane

Pengegåva på 300 000 kroner vert gitt til 4H Sogn og Fjordane, som vil dele midlane vidare ut i dei lokale klubbane.

– Litt av midlane vil gå til eit prosjekt i fylkeslaget som heiter «Fritt fram i friluft», der målet er å skipe til lokale og regionale friluftskurs og samlingar for born, ungdom og vaksne, seier regionleiar Avedal.

Han held fram:

– Men størstedelen blir fordelt mellom 4H-klubbane, slik at dei kan arrangere lokale leirar eller noko anna spennande for barn og unge. Vi har sett ein intern søknadsfrist for 4H-klubbane til 15. mai.

1500 i fylket er med i 4H

4H Sogn og Fjordane samlar i alt 70 4H-klubbar over heile fylket og har meir enn 1500 medlemer. Lokale leirar, fylkesleir, landsleir og nordisk leir er ein viktig del av aktiviteten i 4H.

– Gjennom satsinga på friluftsliv og leirar håpar vi å skape auka aktivitet og få fleire unge til å bli glad i det kortreiste friluftslivet, seier Avedal.

SPAREBANKSTIFTINGA SOGN OG FJORDANE

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er den største eigaren til Sparebanken Sogn og Fjordane, og gåvene stiftinga gir ut er frå overskotet til banken.