SENTRALBANKSJEFEN TIL HOTEL ALEXANDRA

TIL LOEN: Øystein Olsen kjem til Loen 22. mars. Foto: Norges Bank/Nils S. Aasheim

Sentralbanksjef i Norges Bank, Øystein Olsen, kjem til Loen for å snakke med lokale bedrifter om utsiktene i norsk økonomi.

Fredag 22. mars kjem Norges Bank til Hotel Alexandra. Arrangementet er i regi av Sparebanken Sogn og Fjordane og hotellet.

Møtet i Loen er lagt til dagen etter Norges Bank sitt rentemøte med framlegging av ein ny pengepolitisk rapport.

– Tidspunktet for møtet i Loen er derfor særleg aktuelt og vi kan vente oss ferske tal og synspunkt frå sentralbanksjef Øystein Olsen. Vi ser fram til å få sentralbanksjefen på besøk. Det vil vere nyttig for lokale bedrifter i fylket å høyre hans perspektiv på norsk økonomi, fortel banksjef for bedriftsmarknad i Stryn, Ørjan Skåden.

I tillegg til foredraget til Øystein Olsen skal Carine Smith Ihenacho frå Norges Bank Investment Management snakke om forvaltinga av oljefondet. Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, vil avslutningsvis  rette eit tettare blikk på utfordringane og moglegheitene til næringslivet i Sogn og Fjordane.

– Programmet set fokus både på landsbasis og ned til status i fylket i dag, målet er den gode miksen for våre næringar.  Vi har starta påmeldinga, og gler oss over god interesse. Om det er nokon som ønskjer å kome må dei gjerne kontakte meg, så får vi det til, seier Skåden.

Ørjan Skåden, banksjef for bedriftsmarknad i Stryn.

Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.