Her er vinnarane av draktsetta 2019

Vi har delt ut drakter til minifotballen i fylket sidan 2007, og i februar sette vi i gong ein ny runde der små og store lag kunne sende inn søknader.

No er vinnarane klare og i år deler vi ut 29 sett med Nike-drakter til ein verdi av 125 000 kroner. Sjå i tabellen nedanfor om laget ditt er ein av vinnarane! 

Sparebanken og NFF Sogn og Fjordane vil oppsøke heldige vinnarar og dele ut draktene på trening eller eit arrangement. Sparebanken er hovudsamarbeidspartner med NFF Sogn og Fjordane der målsettinga er å skape aktivitet og engasjement i lokalsamfunnet, og spesielt i breiddeidretten blant barn og unge i Sogn og Fjordane.

Vi håpar med dette at mange unge og lovande spelarar vil springe rundt i nye drakter på neste Kongleriket miniputturnering den 5. mai.