SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE I LANDSTOPPEN PÅ KJØNNSBALANSE

AUKE: – Andelen kvinner med personalansvar auka frå 36 prosent til 42 prosent i 2018, seier HR-direktør Eirik Rostad Ness. Her er kvinnene i leiargruppa saman med HR-direktør og administrerande direktør.  F.v.: Leiar for marknad og kommunikasjon Johanne Viken  Sandnes, leiar forretningsstøtte Silje Mari Sunde, HR-direktør Eirik Rostad Ness, direktør på privatmarknad Linda Vøllestad Westbye, kredittdirektør Gro Skrede Mardal og adm. direktør Trond Teigene.

6. mars 2019 – Kristian Helle

I konkurranse med nesten 80 bedrifter kom Sparebanken Sogn og Fjordane på 5.plass i undersøking som måler kjønnsbalanse i næringslivet.

– Sparebanken Sogn og Fjordane har lenge jobba systematisk med kjønnsbalanse og likestilling, og vi er stolte over 5.-plassen på denne indeksen.

Det seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Fleire kvinner med personalansvar

I fjor lanserte likestillingsselskapet She, i samarbeid med EY, ein indeks som skal måle kor gode selskap i Norge er på kjønnsbalanse. Då var det 25 bedrifter som deltok, medan det i år var ein god del fleire som ville vere med, nemleg 79.

Sparebanken Sogn og Fjordane fekk eit totalresultat på 85 av 100 moglege i denne indeksen. Den vert rekna ut på grunnlag av den totale kjønnsbalansen i bedriftene, i tillegg til ei undersøking om kva tiltak dei ulike bedriftene har når det gjeld å forbetre kjønnsbalansen. Den faktiske kjønnsbalansen vert vekta 80 prosent, medan dei siste 20 prosenta vert rekna utifrå kva tiltak bedriftene har når det gjeld forbetring.

Her kan du sjå heile lista.

Eirik Rostad Ness, HR-direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, seier at andelen kvinner med personalansvar har auka.

– Av dei tilsette her er 57 prosent kvinner og 43 prosent menn, noko som er om lag uendra frå 2017. Derimot har andelen kvinner med personalansvar auka frå 36 prosent til 42 prosent i 2018. Banken er oppteken av å legge forholda til rette for kvinner i leiande stillingar, og vi har tatt målretta grep for å auke andelen kvinnelege leiarar. I styret er fire av åtte medlemmer kvinner, seier Rostad Ness.

Eitt av tiltaka Sparebanken Sogn og Fjordane har gjort, er at kvinner i fødselspermisjon også får bonus og lønssamtale på lik linje med dei andre tilsette.

Opptatt av mangfald

Rostad Ness fortel vidare at Sparebanken Sogn og Fjordane har som mål å vere ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i fylket.

– Banken legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne og tilsette med ulik etnisk bakgrunn. Banken vil halde fram med arbeidet for likestilling og likeverd på alle nivå.

Det er også noko administrerande direktør Trond Teigene strekar under.

– Det er heilt avgjerande for meg å ha mangfald i leiargruppa og i bedrifta elles. Eg meinar at dei beste ideane kjem rundt eit bord der det sit ei gruppe tilsette med forskjellig utdanning, bakgrunn, alder og kjønn. Sparebanken Sogn og Fjordane har lenge jobba systematisk med kjønnsbalanse og likestilling.

Topp 10 She indeks 2019

  1. Schibsted
  2. OBOS BBL
  3. DNB
  4. Storebrand
  5. Sparebanken Sogn og Fjordane
  6. Vinmonopolet
  7. Nordic Choice Hospitality Group
  8. Grieg Seafood
  9. KLP
  10. Wallenius Wilhelmsen Logistics