650 000 KRONER TIL HUSET I BYGDA

FEKK GÅVE: På vegne av Huset i Bygda fekk Christoffer Knagenhjelm tildelt gåve på kr. 650 000 av Torunn Mattson, banksjef for privatmarknad i Dale. Her saman med dugnadsgjengen på Jensbua.

4. mars 2019 – Kristian Helle

– Eg er glad for denne tillitserklæringa, seier ansvarleg for Huset i Bygda, Christoffer Knagenhjelm, om gåva frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane på kr. 650 000.

I Sogn og Fjordane er det over 400 lagsseigde kulturhus. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som gjev gåver frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, såg tidleg at det var stort behov for støtte til bygningsmessige tiltak i dei lokale kulturhusa, og at gjennom å vere ein føreseieleg partnar for kulturhusa kunne ein bidra til å utløyse andre tilskot til dei lagseigde kulturhusa.

I 2016 byrja difor eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Huset i Bygda, der stiftinga sette av kr. 500 000 til lagseigde kulturbygg. Ordninga har vore svært viktige for å auke både merksemd og standard på dei lagseigde kulturhusa i fylket.

Får no prioritere midlane sjølve

Kulturhusa er viktige møteplassar og er mykje brukt av alle generasjonar til sosialt samvære og variert aktivitet. Mange av husa treng difor utbetring og ombygging. Dette er kostnadskrevjande, og ein stor dugnadsinnsats frå eigarar og lokalsamfunn er avgjerande. I 2018 vart dette illustrert ved at talet søknadar frå lagseigde kulturhus auka med heile 265% (230% i søknadssum).

– Ein stor del av auken kan tilskrivast Huset i Bygda sitt arbeid med å rettleie kulturhusa. Dei har òg vore ein viktig partnar i søknadsvurderinga med sin store kunnskap om kulturhusa i fylket, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.

Han held fram:

– Sparebankstiftinga er svært nøgd med det gode samarbeidet med Huset i Bygda, og har difor vedteke å gje dei ei gåve på kr. 650 000. Gåva vil som før gå til bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus, men i staden for å samarbeide om vurderingane kan Huset i Bygda no prioritere midlane sjølve. I tillegg aukar vi opp beløpet med 150.000 kroner frå i fjor, seier Fidjestøl.

Huset i Bygda: – Betyr mykje

Christoffer Knagenhjelm, ansvarleg for Huset i Bygda i Sogn og Fjordane, set stor pris på gåva.

– Eg er glad for denne tillitserklæringa. Det gode samarbeidet med Sparebankstiftinga betyr mykje for Huset i Bygda, seier Christoffer Knagenhjelm, ansvarleg for Huset i Bygda i Sogn og Fjordane.

Søknadsfristen vert som tidlegare 15. april. Informasjon om tilskotsordninga vil bli lagt ut på www.sparebankstiftinga.no