Godt resultat for Sparebanken Sogn og Fjordane

2018 vart eit historisk godt år for Sparebanken Sogn og Fjordane med ein solid vekst, både på næring og privat. – Heile 58 prosent av veksten for privatmarknaden i 2018 er utanfor fylket, fortel administrerande direktør Trond Teigene.

Onsdag slapp Sparebanken Sogn og Fjordane rekneskapen for 4. kvartal 2018. Totalresultatet til Sparebanken Sogn og Fjordane for 2018 er på 459 millionar kroner etter skatt og er 8,1 prosent høgare enn i fjor. Eigenkapitalavkastninga er på 10,6 prosent.

– Dette er eit historisk godt resultat for oss, og vi er stolt over verdiane vi skapar i fylket. Vi veks med tre milliardar i utlån, og det gode resultatet kjem frå ein kombinasjon av låge tap på utlån, god vekst og kostnadseffektiv drift, fortel administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Hovudlinjer for 2018 (2017-tal i parantes)
  • Totalresultat 459 mill. kr (425 mill. kr)
  • Netto renteinntekter 862 mill. kr (854 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 61 mill. kr (114 mill. kr)
  • Driftskostnader 460 mill. kr (460 mill. kr)
  • Tap på utlån 16 mill. kr (117 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 10,6 % (10,8%)

Tilbake til lokalsamfunnet
158 millionar kroner er no satt av til utbytte og gåver.

– Vi tilfører eigarane våre Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler 146 millionar kroner. Dei forvaltar utbyttet vidare og gir gåvemidlar tilbake til lokalsamfunnet. Eit sterkt samfunnsengasjement er ein naturleg del av vår verksemd som sparebank. Derfor går delar av overskotet vårt til tiltak som kjem lokalmiljøet til gode som dagsturhytter, klatreparkar og ulike næringstiltak, seier Teigene.

I 2018 vart det totalt løyvd gåver for 34 millionar kroner frå eigarstiftingane og banken. I tillegg har banken rundt 50 aktive sponsoravtalar i Sogn og Fjordane.

Sterk vekst utanfor fylket
Veksten i utlån til bedriftsmarknaden er på 5,2 prosent i 2018. I den same perioden har utlån til privatmarknaden auka med 7,2 prosent.

– Heile 58 prosent av veksten for privatmarknaden i 2018 er utanfor fylket. I 20 år har vi hatt ein strategi om å også vekse utanfor Sogn og Fjordane, og det er gledeleg at vi også i 2018 har lukkast med dette. Vekst er viktig for å utvikle banken vidare. Vekst skapar verdiar som gir ringverknadar i fylket, både gjennom gåvemidlar, investeringskraft og arbeidsplassar, fortel han.

Stor omstilling i banken
Driftskostnadene til banken er på same nivå som året før. Det vart i 2017 sett i verk kostnadsreduserande tiltak som har gitt effekt i 2018.

– Vi har flat kostnadsutvikling etter å ha realisert tiltak som har gitt om lag 30 millionar i kostnadseffekt det siste året. Kostnadseffektivitet er viktig for å vere konkurransedyktig, og det er nødvendig for å kunne investere i teknologi og ressursar som skal utvikle banken vidare, seier Teigene.

Dei siste to åra har banken rekruttert rundt 40 nye tilsette i banken, medan 30 tilsette har bytta jobb internt.

– Vi må halde oss relevante og møte konkurransen offensivt. Det skjer mykje i næringa, og det blir jobba målretta for å tilpasse oss desse endringane. Vår ambisjon er å vere ein personleg og moderne bank, enten det er i møte med dyktige rådgjevarar eller gjennom digitale enkle løysingar, seier Teigene.