Støttar forskingsinstitutt med 6 millionar kroner

Ove Hoddevik (SPV), Arild Sandvoll (SPV), Randi Humborstad (Måløy Vekst), Olav Steimler (styreleiar i MMR), Roger Svarstad (SSF), Ørjan Skåden (SSF). Foto: Thomas Bickhardt.

08. februar 2019 – Johanne Sandnes

Sparebanken og Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest gjev til saman 6 millionar til Måløy Marine Ressurssenter.

Måløy marine ressurssenter (MMR) ønskjer å bli eit forskingsinstitutt for ein ny generasjon marint næringsliv i fylket, mellom anna gjennom samarbeid mellom verksemdene i regionen, Biovitenskaplig fakultet på Norges miljø- og biovitenskaplige universitet på Ås og Måløy Vidaregåande skule.

No går Sparebanken Sogn og Fjordane, via eigar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og Sparebanken Vest inn med 3 millionar kroner kvar til satsinga. Representantar frå Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane møtte fredag formiddag initiativtakar Randi Humborstad og styreleiar i MMR Olav Steimler for å overraske med gåvemidlane.

– Dei to bankane viser med disse midlane at dei tar et stort samfunnsansvar og er gode medspelarar til regionalt næringsliv og til regionalt drevet forsking og utvikling. Måløy Marine Ressurssenter vil vere ein motor i framtidsbasert forsking innan dei blå næringane. Dette vil igjen vere ei forutsetting for at næringslivet kan lykkast i framtida. Vår landsdel skal vere leiande og attraktiv både for eksisterande og nye næringar – og ikkje minst for akademisk utdanning og målretta rekruttering, seier styreleiar Olav Steimler. 

– Vi er svært glade og takknemlige for dette store bidraget fra Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest. Vi set stor pris på å ha lokale bankar som er opptatt av å utvikle lokalsamfunnet vårt, og evner å prioritere viktige satsingar for å skape vekst og utvikling i Sogn og Fjordane. Denne gåva er veldig viktig for å halde framdrifta i utviklinga av eit marint forskingssenter i Sogn og Fjordane», fortel initiativtakar og daglig leder i Måløy Vekst, Randi Humborstad.

–  Sparebanken Sogn og Fjordane er imponert av det ein har fått til i Måløy med å samle næringslivskundar i Stiftinga Måløy Marine Ressurssenter (MMR). Samarbeid mellom lokalt næringsliv, vidaregåande skule og høgare utdanning er kjent som ein suksessfaktor for å behalde ungdommen i distrikta. Den unike koplinga som MMR har fått til med Måløy Vidaregåande Skule og Universitetet på Ås, gjer at Sparebanken Sogn og Fjordane verkeleg har trua på at det vil blomstre i det lokale næringslivet i regionen, og dette vil skape mange nye og spennande arbeidsplassar i åra som kjem. Sparebanken Sogn og Fjordane ser fram til vidare samarbeid med det framtidsretta næringslivet i Måløy, fortel Banksjef for bedriftsmarknad Ørjan Skåden i Sparebanken Sogn og Fjordane.

MMR har jobba aktivt med regionalt næringsliv, som stilte med rundt 3 millionar kr i samband med skipinga. Fylkeskommunen løyvde òg 15 millionar kroner i desember.

–  Den marine næringen er i ei rivande utvikling og det er heilt naudsynt at vi bygger og opprettheld relevant kompetanse nær der verdiskapinga faktisk skjer. Slikt sett er Måløy ein heilt naturlig stad for et marint ressurssenter. Sparebanken Vest har stor tru på klyngesamarbeid for å bygge fagmiljø som ikkje berre kjem regionen til gode, men som og har nasjonal og internasjonal betyding. Vi opplever at det er stor vilje både frå politisk hald, akademia og næringsliv for å få til dette i Måløy. Sparebanken Vest ønskjer å bidra med vår del og vi mener prosjektet vil få store positive ringverknader, både med tanke på å bygge et kompetansemiljø innan forsking og utdanning og nye arbeidsplassar, seier banksjef for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest, Ove Hoddevik.