Søk om midlar frå overskotet vårt!

Kvart år gir vi fleire titals millionar frå overskotet vårt i gåve til allmennyttige formål i Sogn og Fjordane. No er tida inne for å søke om midlar til ditt prosjekt!

Treng korpset ditt nye uniformer? Eller har du lyst å byggje ein leirplass i nærmiljøet ditt? Ønskjer du å sende instruktørane på kurs, eller kanskje skal de arrangere eit meisterskap? Ideane og prosjekta kan vere så mangt, og no vil dei to eigarstiftingane våre gjerne høyre om DITT prosjekt! Fortel om ideen din innan 1. mars, så kanskje blir draumen din realisert!

To eigarstiftingar – to gåveinstitutt

Gåvemidlane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, og vert forvalta av dei to eigarstiftingane våre. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har heile fylket som sitt nedslagsfelt, medan Sparebankstiftinga Fjaler har Fjaler kommune som sitt nedslagsfelt.

Begge desse gåveinstitutta skal byggje opp om visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane om å vere ei drivkraft for fylket. Midlane skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling.

I tillegg til hovudtildelingane er det mogleg å sende Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ein “forenkla søknad” heile året, for deg som treng mindre beløp raskt (inntil 10 000 kroner). Er du ungdom i Holmedal/Fjaler med ein idè til eit prosjekt, kan du søke Fjalerstiftinga om “På rappen”-midlar (inntil 5000 kroner) og få svar innan 10 dagar.

Søknadsskjema og vilkår

Les meir om vilkår og send søknad på eigne nettsider hos stiftingane:
Søk Sparebankstftinga Fjaler om midlar
Søk Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane om midlar 

Søknadstips!

  • Ein god søknad består av tre deler: søknadsskjema, presentasjon av prosjekt/søkjar og budsjett.
  • Bruk gjerne same rekkefølga i presentasjonen som i søknadsskjemaet
  • Fyll ut alle felt, sjølv om det ikkje er obligatorisk. Målet med søknadsskjemaet er å gi eit best mogleg bilete av kva prosjektet går ut på, slik at ein vurderer prosjektet på rett grunnlag.
  • Hald søknaden kort og konsis. Sjølv om du kanskje har mykje på hjartet, kan det vere lurt å spare dette til presentasjonen/prosjektskildringa.
  • Prosjektskildring bør gi svar på: kven er/representerer du? Kva vil du ha pengar til? Søknadssum og totalbudsjettet til prosjektet? Kven er hovudmålgruppa og kor mange brukarar vil nyte godt av tiltaket, kva ønskjer de å oppnå? Får du med litt om kva andre tilbod som (ev. ikkje) finst i regionen på dette feltet, og/eller kva som vil vere konsekvensen for brukarane av at ein IKKJE får støtte, så er dette eit pluss.
    Sjå forslag til mal på prosjektskildring.
  • Budsjettet må gi eit bilete av korleis du har tenkt å disponere pengane, og det må gi ei oversikt over både utgiftene og inntektene for tiltaket du søkjer om gåve til. Forholdet mellom søknadssummen og det totale budsjettet bør også klargjerast.
  • Meir utfyllande detaljar om søknaden finn du hos Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og hos Sparebankstiftinga Fjaler

Krav og vilkår til søknadane:

  • Prosjekt og organisasjonar som arbeider for og med barn og ungdom blir prioritert
  • Prosjekt og organisasjonar drive av frivillige blir prioritert.
  • Tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet skal prioriterast framfor kortvarige aktivitetar, arrangement og prosjekt.
  • Lokalt forankra prosjekt skal prioriterast framfor større, fylkesdekkande prosjekt i situasjonar der vi har avgrensa midlar til fordeling.
  • Prosjekt og organisasjonar som har klåre visjonar og tankar bak sine tiltak.
  • Søknader om tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet vil normalt verte prioritert foran søknader om rein driftsstøtte (lønn, husleige og andre driftskostnader).

Det blir ikkje gjeve støtte til:

  • Politiske parti eller føremål som kan utnyttast i politisk samanheng.
  • Næringsverksemd eller prosjekt i regi av kommersielle selskap der det ikkje er tydleg avklara korleis selskapet handterer eit eventuelt overskot av prosjektet, eller der det er uklårt om det ligg kommersielle interesser bak.
  • Typiske offentlege oppgåver.
  • Lukka medlemsorganisasjonar.