To idrettshallar eitt steg nærare realisering

31. januar 2019 –  Inger Marie Lien

Arena Stryn og den planlagde storhallen på Skei får kvar si gåve på 750 000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Laila Tefre, leiar i Jølster Idrettslag, og medlem i prosjektgruppa Bjørn Anders Steinsund møtte i dag i banken for å få overrekt gåva til hallen på Skei.

–  Denne gåva er ein viktig del av den private finansieringa og vil hjelpe oss på vegen for å få realisert storhallen i Jølster, seier Laila Tefre.

Hallen er først og fremst viktig for lokalsamfunnet i Jølster, men Skei ligg midt i fylket og hallen vil også kunne fungere godt som møtepunkt og turneringsstad for eit stort geografisk område.

–  Det er gledeleg å vere med å støtte dette prosjektet. Vi håpar vårt bidrag vil kunne få andre med på spleiselaget slik at hallen blir ein realitet, seier banksjef i Sunnfjord, Roy Stian Farsund.

Meir plass til turngruppa
Arena Stryn  er tenkt å bli Stryn sin nye storstove og første byggetrinn er ein såkalla basishall, som i hovudsak vil bli brukt av turngruppa. I dag var prosjektleiar for Arena Stryn, Kjell Opheim og leiar i Stryn Turn & Idrettslag, Jonn Beinnes invitert inn i banken for å diskutere vidare framdrift av byggjeprosjektet. Der kunne banksjef Ørjan Skåden i tillegg overraske dei med gåvesjekken på 750 000 kroner.

–  Dette var veldig kjekt! Vi har ein stadig veksande aktivitet og mange av treningane føregår i dag i ein liten gymsal på ungdomsskulen, så det å få meir plass og meir utstyr til blant anna turngruppa, vil bli veldig positivt. Vi er imponert over den samhandlinga som Sparebanken Sogn og Fjordane har gjort for å realisere prosjektet Arena Stryn. Vi er alltid velkomen og godt mottatt i banken, samt at vi får gode råd i planlegginga, seier Jonn Beinnes.

– Dette blir eit stort løft for Stryn, og det er kjekt for oss å vere med å støtte ei gruppe som over lang tid har vist stort engasjement og høgt aktivitetsnivå, seier banksjef i Nordfjord Ørjan Skåden.

Arena Stryn er eit spleiselag der også kommunen og fylkeskommunen er inne på finansieringssida.

– No står det igjen nokre små formalitetar og finjusteringar på den endelege godkjenninga, før vi forventar å kunne starte bygginga i løpet av mars/april, noko vi gler oss veldig til, seier Opheim

Tradisjon for å støtte breitt
For hallen på Skei står det framleis att ein del finansiering, men gåva er eit viktig bidrag på vegen til å få den realisert.

– Hallane er gode prosjekt, og for oss er dette betydelege tildelingar. Men vi er også opptatt av å ha rom for å støtte det breie lags- og organisasjonslivet i Sogn og Fjordane. Dette har Sparebanken Sogn og Fjordane lange og gode tradisjonar for, seier Roy Stian Farsund.