To furorevinnarar på èin dag

Foto: Inger Marie Lien/Hallstein Dvergsdal

19. januar 2019 –  Inger Marie Lien

Først blei klarinettist Marita Holme overraska med 50 000 kroner på Sandane. Så mottok musikar Elida Høgalmen same beløp under Luttprisen i Førde. Begge kan dermed kalle seg furorevinnarar, og juryen håpar no at endå fleire talentfulle ungdommar i fylket vil sende ein søknad

24 år gamle Elida Høgalmen frå Stryn trudde ho skulle ha ein hyggeleg kveld på Larris som nominert til Luttprisen. Overraskinga var derfor stor då banksjef Roy Stian Farsund entra scena for å dele ut Furorestipendet.

– Eg er veldig overraska, og sjølvsagt veldig glad. Dette kjem ekstremt godt med, uttalte Høgalmen frå scena.

Debuterte med EP i haust
Frå scena las Farsund opp grunngjevinga frå juryen og publikum fekk vite noko av grunnen til at Høgalmen vel fortent mottok Furorestipendet.

Furorestipendet på 50.000 kroner som vi skal dele ut her og no, er tildelt ein artist som framfører både vokal og fleire instrument sjølv, og komponerer sin eigen musikk. Ho har vore innom både kulturskulen heime i Stryn, musikklinja på Firda og Griegakademiet. Men har etablert seg med sitt heilt eige uttrykk allereie med debuten i 2016, og ikkje minst har ho fått fantastisk respons frå både presse og publikum på sin debut-EP Past som kom i haust.

Kortreist musikar i stjerneklasse
Overraskinga var også stor for Marita Holme på Sandane. Ho trudde laurdagen skulle gå med til å spele jubileumskonsert for Trivselshagen saman med Sogn og Fjordane Symfoniorkester, der Holme i dag også spelte som solist på eine nummeret. Etter konserten løfta kvelden seg nokre hakk ekstra, då Ingunn Berg frå Sparebanken Sogn og Fjordane overraska 27-åringen med 50 000 kroner i Furorestipend

– Eg hugsar eg søkte om stipendet for å dekke kostnader til instrument, men det er så lenge sidan, så eg trudde jo sjansen for å vinne var ute. Det var veldig kjekt å bli plukka ut no!, sa Holme etter at ho mottok gåvesjekken.

Juryen si grunngjeving Marita Holme.

Marita har spela klarinett sidan ho var lita ved Gloppen kulturskule og i Sandane skulekorps. Ho gjekk musikklinja på Firda vidaregåande skule og utmerka seg der med høgt nivå på alle område. Deretter tok ho utdanning ved Griegakademiet i Bergen. Dei siste åra har ho vore fast vikar i Sjøforsvarets musikkorps, og er også eit naturleg førsteval som soloklarinettist i Opera Nordfjord sitt orkester.

Marita har ein helt spesielt vakker klang i instrumentet sitt, og nerven, virtuositeten og musikaliteten hennar gjer henne til ein fantastisk dyktig klarinettist. Kvart instrument har sine eigne utfordringar, og ofte aksepterast desse som ein del av instrumentet sin natur. Marita går forbi desse utfordringane, og nektar å lene seg på ein praksis der t.d. klangfarge og intonasjon må vike fordi det er slik dei andre gjer det. Dette er ein av hovudgrunnane til at Marita er andre musikarar sin favorittklarinettist å spele med.

Professorane på Griegakademiet beskriv henne som hardtarbeidande, svært dedikert, seriøs, alltid godt forberedt, og med eit sterkt engasjement for musikken. I tillegg er ho ein heilt spesielt hyggeleg person, seier dei.

Marita kunne ha studert i London, Paris eller New York om ho ville, men det var ikkje naudsynt; Vestlandet har klart kunststykket å skape ein kortreist musikar i stjerneklasse.

Sparebanken Sogn og Fjordane, publikum, orkesteret og juryen gler seg til å følgje Marita vidare i karrieren, og ønskjer all mogleg lukke til framover!

Juryen for furorestipendet har bestått av:
Stig Roger Eide (Firda),
Trude Skarvatun (Førde kulturskule),
Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater)
Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)

Luttprisen er NRK si årlege feiring av musikklivet i fylket der ein kårer årets artist frå Sogn og Fjordane.  Årets vinnar av Luttprisen blei Thea Hjelmeland. Utdelinga blei sendt live på NRK Nett-TV og radio frå Larris Scene i Førde. 

Furorestipendet

Furorestipendet er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Midlane kjem frå overskotet til banken som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar. Dei siste åra har det blitt delt ut åtte stipend kvart år, som alle har ein verdi på 50 000 kroner.

Søknadsfrist

Unge talent kan sende søknad innan 15. juni. Søknadsskjema blir lagt ut på Sparebankstiftinga sine nettsider ca. ein månad før fristen.