No skal festivalane i fylket bli grønare

19. januar 2019 –  Inger Marie Lien

Ei gåve på 650 000 kroner til musikkbransjeorganisasjonen Brak skal sikre at festivalane i fylket blir grønare og meir miljøvennlege.

Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Målsettinga med gåva er å gi musikkfestivalane i fylket eit miljømessig løft, med Øyafestivalen som mal. Øyafestivalen og festivalane sin interesseorganisasjon Norske Konsertarrangører er òg samarbeidspartnarar i prosjektet, i tillegg til Naturvernforbundet Sogn og Fjordane. Laurdag var det lansering av intiativet under Blest-festivalen på Sunnfjord hotell. Der var ein rekke av aktørane samla for å diskutere vegen vidare.

–  For å oppnå prosjektet sine ambisiøse mål, skal vi utvikle ein metodikk som kan rullast ut over heile fylket. Dette har Brak koordineringsansvar for, og dei største festivalane er med i prosjektet frå og med i år. Dei har lang erfaring med miljøarbeid og -sertifisering allereie, og vil bygge vidare på dette arbeidet, fortel Elise Hessevik, prosjektansvarleg for Brak Sogn og Fjordane.

Etter at dei tre festivalane er avvikla og årets miljøtiltak er evaluerte, vil ei ny pulje festivalar bli tatt inn i programmet med tanke på å implementere sine miljøtiltak frå 2020. Målsettinga er å ha med ti festivalar i år. Ei ny pulje festivalar blir tatt opp i 2020.

Prosjektet vil òg utvikle eit kontroll- og sertifiseringssystem som blir klart til festivalane i 2020. Fokus for prosjektet er konkrete forbetringstiltak som vil gi størst effekt iht. miljøavtrykk.

I dag kunne adm. direktør, Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane overrekke gåvesjekken på 650 000 kroner. Han er tydeleg på at dette er eit viktig område for banken å vere med å støtte.

–  Festivalar og andre større arrangement er heilt klart viktig for trivsel og kultur i samfunnet, og om vi i tillegg kan gjere dei meir miljøvennlege, så er det veldig positivt. Det å vere med å redusere karbonavtrykket til festivalane er heilt klart eit steg i riktig retning. Vi gler oss til å sjå resultatet av prosjektet og ønskjer dei lykke til med gjennomføringa, seier Teigene.