No skal fleire tusen elevar bli sjef i eige liv

11. januar 2019 –  Inger Marie Lien

I løpet av dei neste vekene får nærare tusen vidaregåande elevar i fylket sjansen til å bli Sjef i eige liv når dei får opplæring i privatøkonomi frå rådgjeverane i Sparebanken Sogn og Fjordane. 

Det er bankens eigne tilsette som kursar elevane til å bli Sjef i eige liv, som er eit opplæringsprogram i økonomi som banken gjennomfører i samarbeid med Ungt Entreprenørskap.

Denne veka møtte dei første puljane frå Mo og Øyrane vgs opp i banken for å få økonomitips av kunderådgjeverane våre Dagfrid Vallestad Brevik og Lisbeth Aasen Andersen.

– Dette er ein del av samfunnsansvaret vårt. Mange unge slit med kredittgjeld, og derfor er det vår oppgåve å lære dei gode og fornuftige sparevanar. Det er kjekt å høyre kva tankar dei har om økonomi, og tilbakemeldingane fortel oss også at dei lærer mykje av kurset, seier Vallestad.

Viktig å få kontroll
Tal frå Kredinor viser at kredittkortgjelda blant unge mellom 18 og 25 år er på svimlande 283 millionar.  Å drive aktiv økonomiopplæring blant unge, er derfor viktig for å sikre at fleire har kontroll på økonomien.

Sjef i eige liv går ut på at elevane vel seg eit yrkeskort, der dei får oppgitt månadsløn for sitt yrke. Basert på dette set elevane opp eit budsjett, og etterkvart som dei fyller ut kostnadane knytt til dømes bustad, bil, fritidsaktivitetar, mediebruk, mat og kle, ser dei kor lenge dei må spare for å få nok eigenkapital til å kjøpe sin første bustad.

EIT HAV AV MOGLEGHEITER: Yrka er mange, og vala er vanskelege når elevane skal tenke på framtida. 

Sparebanken Sogn og Fjordane signerte nyleg ei vidareføring av sponsoravtalen med Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane, der økonomiopplæring av barn og unge står heilt sentralt.

Sidan oppstarten for 6 år sidan, har banken lært opp over 6000 vidaregåandeelevar i privatøkonomi, fordelt på dei ulike kontora i fylket. Ungt Entreprenørskap er eit viktig bindeledd mellom skule og næringsliv, og banken har hatt eit svært godt samarbeid i meir enn 15 år. I tillegg samarbeider banken med UE om Økonomi og karriereval som blir gjennomført i ungdomsskulen.

LÆRER OPP UNGDOMMEN: – Vi ønskjer å bevisstgjere elevane på kva ting faktisk kostar, og at sparing er heilt avgjerande for å få den økonomien ein vil, seier Lisbeth Aasen Andersen.