Signerer for tre nye år med Ungt Entreprenørskap

17. desember 2018 –  Inger Marie Lien

Sparebanken Sogn og Fjordane har fornya sponsoravtalen med Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane med tre nye år. 

–  Vi er glade for å ha banken med på laget. Den første avtalen signerte vi i 2001, og sidan den gong har aktivitetsnivået vårt blitt mykje høgare. Samarbeidet med banken har fungert godt heile vegen, og vi gler oss å halde fram. Ein langstiktig avtale som dette gir oss mange moglegheiter dei neste åra, seier Holger Aasen, dagleg leiar i UE Sogn og Fjordane.

Inspirerer til gründerverksemd
Den nye avtalen gjeld for tre år, og er viktig for banken av fleire grunnar.

–  Ungt Entreprenørskap gjennomfører kvart år fylkesmessa blant elev- ungdoms- og studentbedrifter der vi i banken også bidreg på dommarsida. Vi er ein næringsbank og er opptekten av innovasjon og nyskaping i Sogn og Fjordane. Derfor meiner vi at ungdomsbedrifter er ei god startgrop for mange unge gründerar der dei får eit relevant innblikk i kva som må til for å drive ei bedrift, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Viktig å nå dei unge
Marknadssjef i banken, Gunn Aase Moldestad trekk også fram dei to opplæringsprogramma for skuleelevar som eit viktig innhald i avtalen.

– Fleire unge slit med å halde kontroll på økonomien sin, og kredittkortgjelda aukar i denne aldersgruppa. Dette vil vi som bank vere med å førebygge gjennom å lære dei opp til gode økonomiske vaner så tidleg som mogleg. Derfor gjennomfører vi opplæringsprogramma Økonomi og karriereval for ungdomsskulen, og Sjef i eige liv for elevar på vidaregåande. Her er det banken sine eigne tilsette som kursar elevane i blant anna budsjett og gode sparevanar, fortel Moldestad.

Gjennom avtalen vil ca. 35 ungdomsskular og 10 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane delta i dei to programma kvart år.