Feirer 10 årsjubileum med nytt kontorlokale

F.v: Helge Høvig, Kristin Heggen, Ann-Serine Hagen, Svein Petter Starheim og Sissel Anett Halnes gler seg til å flytte inn i nye kontorlokale på Amfi. 

13. desember 2018 –  Inger Marie Lien

Etter ti år i Sjøgata på Nordfjordeid, flyttar Sparebanken Sogn og Fjordane og Eigedomsmekling Sogn og Fjordane inn i nye lokale på Amfi. 

–  Vi gler oss veldig til å få ei plassering meir sentralt i Eid sentrum, og eit meir funksjonelt kontorlokale, seier Ann-Serine Hagen, kunderådgjevar på privatmarknad.

Ifølgje banksjef Odd Kjetil Tonning, er det viktig for banken å vere der kundane er.

– Vi gjennomførte ei kundeundersøking som viste at mange ikkje var klar over at vi var til stades på Eid i det kontorlokale vi har no. Når vi no får nye kontor inne på senteret, er vi meir tilgjengelege for kundane, og det er viktig for oss, seier Tonning.

Det personlege i det digitale
Undersøkinga viste også at kundane set pris på å ha eit kontor ein kan kome innom for personleg rådgjeving.

– Fleire av kundane svarte at det gav dei meirverdi å kunne sette seg ned å prate med ein rådgjevar når dei har behov for det. Kundane er i ulike livsfasar, og vi kan gi dei god rådgjeving om økonomi uansett kor dei er i livet. Kundane blir meir og meir sjølvhjelpte med å bruke digitale banktenester, og samstundes vil dette også auke behovet vårt for å tilby det personlege, seier Tonning.

–  Dette handlar også om samfunnsansvaret vårt. Vi jobbar for å vere tilgjengelege og til stades med tanke på lokalt næringsliv. I tillegg vil vi vise at vi er ein sparebank å rekne med på Eid, og derfor bidreg vi også blant anna med gåvetildelingar og økonomiopplæring blant barn og unge, seier Hagen.

Større plass til eigedomsmekling
I det nye lokalet får også Eigedomsmekling Sogn og Fjordane betydeleg meir plass.

–  I det gamle lokalet har vi berre hatt eit lite kontor inne i banken sine lokale. No får vi større plass, og får vise fram eigedommane vi har til sals mykje tydelegare inne på eit senter der fleire folk går forbi, seier eigedomsmeklar Sissel Anett Halnes.

Alt på éin plass i finanshuset
Odd Kjetil Tonning trekker også fram breidda i tenestene banken tilbyr.

– Hos oss kan kundane få rådgjeving om det meste innan finans. I tillegg til eigedomsmekling, har vi samla kompetanse på forsikring, sparing, kortbruk og lån både for bedrifts- og privatkundar. Vi er eit komplett finanshus, og det er vi stolte av, seier banksjefen.

No ser alle tre fram til opningsdagen 17. desember.

– Då blir det opningsfest med kake til alle, seier Hagen.

– Det blir kjekt å vere der det skjer. Vi er med å skape litt liv i denne delen av senteret, og håpar at mange vil stikke innom oss og sjå kor fint vi har fått det, seier Halnes.