Renate gir jul til alle

6. desember 2018 –  Inger Marie Lien

– Mange tenker at det ikkje finst barnefattigdom i Sogn og Fjordane. Men det er mange familiar som kvir seg til jul, og dei vil vi hjelpe. 

Det seier Renate Håvåg som for tredje år på rad bruker store deler av hausten og desember månad på å handle inn julemat og gåver til barnefamiliar i fylket som av ulike grunnar slit økonomisk.

I dag fekk ho overrekt ei gåve på 50 000 kr frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til arbeidet ho og mannen Thomas Karlsen gjer for å hjelpe andre. Fleire tilsette hadde møtt opp for å høyre om juleprosjektet hennar, og bakgrunnen for at ho starta det.

Eit prosjekt til ettertanke
Banksjef Elin Aaland er rørt over arbeidet til sambuarparet frå Askvoll.

– Eg trur mange har godt av å bli mint på at ikkje alle rundt oss har det like enkelt. Vi har nok godt av bli litt meir reflekterte rundt vårt eige forbruk og kor mykje vi bruker på julegåver og kva vi lærer barna våre å bli vant til, seier Aaland.

I år har Håvåg fått med seg fleire frivillige og gjort prosjektet sitt om til ei foreining – Jul for alle. Dette er heller ikkje første gongen banken støttar opp om prosjektet. I 2016 gjekk julegåva frå bedriftsmarkanden i banken til innkjøp av mat og gåver.

–  Så langt i år har vi hjelpt 74 familiar og blant dei er det 226 barn. Det er framleis familiar som tek kontakt med oss, så talet går berre oppover, fortel ho.

–  Eg må få takke både banken og andre som bidreg med både pengegåver og innhandla gåver. Dei som mottar hjelp set veldig stor pris på dette, og blir utruleg letta når vi gir dei matkassene.

Senkar terskelen for å be om hjelp
I 2014 måtte Håvåg og familien ha økonomisk hjelp til å feire jul. Og det trur ho er med å senke terskelen for andre som no ber dei om hjelp.

– At vi fekk økonomisk hjelp, var heilt avgjerande for å gi barna ei fin jul den gongen, og no ønskjer vi å gi noko tilbake ved å hjelpe andre. Vi får høyre mange hjerteskjærande historier, og fleire seier at det er lettare å ta kontakt med oss fordi vi har vore gjennom det same og veit kor håplaust situasjonen kan vere, seier Håvåg.

Vil du hjelpe med å gi jul til alle? Det finst fleire stader i fylket der ein legge gåver merka med kjønn og alder, og ein kan også vippse eit beløp til prosjektet. Sjå meir informasjon på Facebooksida til Foreningen Jul for alle.