600.000 til Peak Sunnfjord

06.12.2018 – Johanne Sandnes

– Viktig bidrag, seier «husfar» Rolf Sanne-Gundersen. 

Sparebanken Sogn og Fjordane inviterte torsdag næringslivet i Førde til frukostseminar i banken. Der var blant andre Rolf Sanne-Gundersen og Tibber-sjef Edgeir Vårdal Aksnes tilstades for å snakke om klyngeprosjektet og kvifor slike klynger er viktige. Dei fekk med seg 600.000 kroner i oppstartsmidlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane og eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Dei får denne gåva for å etablere teknologiklynga Peak Sunnfjord, slik at gründerar og små og mellomstore bedrifter innan teknologi kan bli del av eit stimulerande og relevant miljø som i sum gir ei sterkare utviklingskraft for levedyktige føretak i fylket, og som skaper eit fagmiljø med eigen gravitasjonskraft på teknologifeltet. Med andre ord, og for å sitere vår eigen visjon, å bli ei drivkraft for fylket, fortel administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Nøgd «husfar»

– No vart eg veldig glad. Desse midlane er eit utruleg viktig tilskot til prosjektet, og vi er glade for at det er slike midlar i fylket som hjelper slike prosjekt på vegen, fortel Rolf Sanne-Gundersen, som beskriv seg som ein «husfar» i det framtidige klyngebygget.

Tibber-sjef Edgeir Vårdal Aksnes og Pål Anders Kårstad hadde ideen til prosjektet.

– Eg må berre få skryte litt av desse to også. Dei er midt i aktive utviklingsfasar på sine eigne gründer-bedrifter, og i tillegg tar dei ansvar for å få dette til. Snakk om å ta samfunnsansvar, seier Sanne-Gundersen.

Allereie før jul flyttar dei første bedriftene inn. 1. mars skal alle vere på plass i klynga.

Frå kundane i banken til lokalsamfunnet

Sparebanken Sogn og Fjordane og eigarstiftinga har vore med på fleire overordna tiltak i regi av samskipnader, interesseorganisasjonar og offentleg hjelpeapparat.

– Vi går inn med midlar i næringslivet og utdanning fordi det skapar arbeidsplasser og grobotn for nye bedriftsidear. Blant andre Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Aksello, Maritim Forening, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Techyard  til saman fått over 10 millionar kroner for å bli betre rusta til å hjelpe særleg småbedrifter, etablererar og innovatørar, fortel Teigene, som delte ut gåva saman med banksjef for bedriftsmarknad i Sunnfjord, Roy Stian Farsund. Han nytta anledninga til å takke kundane banken.

– Å vere ein lojal støttespelar for næringslivet i fylket er ein svært viktig del av rolla vår, og det å støtte Peak Sunnfjord er sjølvsagt for oss. Overskotet er skapt av kundane våre, og det er det som er sparebankideen, at delar av overskotet skal gå tilbake til området det kjem ifrå. Denne sirkelen gjer at vi kan gjere vårt for å bidra til vekst og utvikling i regionen vår, fortel Farsund.