Fyll opp BSU-kontoen før fristen

3. desember 2018 –  Inger Marie Lien

Om du ønskjer å få skattefordelen på 5000 kr på BSU-sparinga di, er dette tida du har igjen på å overføre maks sparebeløp: 

0Days0Hours0Minutes0Seconds

2018 nærmar seg slutten og mange unge bør no tenke på å fylle opp BSU-kontoen sin før nyttår for å sikre seg skattefordelen på 5000 kroner. Men ventar du til årets siste dag, kan du bli skuffa når neste års skatteoppgjer kjem. På grunn av mange fridagar i romjula, er fristen for å overføre til BSU 28. desember, for å sikre deg skattefordelen.

Opprette BSU? Les meir her

Full BSU? Les meir om Bustadsparekontoen vår her. 

Vi får mange spørsmål om BSU no som fristen nærmar seg. Her har vi derfor samla dei mest stilte spørsmåla om BSU.

Kor mykje kan eg overføre?
Du kan sette inn maks 25 000 kroner i året.

Eg har allereie sett innpå litt pengar på BSU, men hugsar ikkje kor mykje. Kor finn eg dette?
Du finn oversikt på kor mykje du spart i mobil- eller nettbanken. Disponibel saldo er det du har spart så langt i år, og bokført saldo er det du har spart samla sett i BSU.

Eg vil overføre frå ein annan bank. Kor lang tid tar det i jula?
Overføringar frå andre bankar kan ta 1-2 dagar, avhengig av når på dagen du gjer overføringa. Her må ein også hugse at overføringane ikkje blir gjennomført i helger eller på helligdagar. Om du vil overføre frå ein annan bank i jula, kan det vere lurt å gjere dette seinast 27. desember.

Kva er siste frist for å overføre til BSU?
I år er siste frist for å overføre til BSU fredag 28. desember viss du overfører frå kontoar i samme bank.

Kan eg ta ut pengar frå BSU?
Du kan ta ut det beløpet du har spart i år. Etter nyttår vil pengane du har sett inn på BSU i år, bli låst. OBS: Tek du ut pengar frå kontoen, og den ikkje er fyllt opp med maks årleg sparebeløp innan fristen 28. desember, blir skattefordelen mindre.
Les om skatteetaten sine reglar for skattefrådraget. 

Og du? Om du skulle ha noko til overs på storstipendet som kjem i januar, kan det vere lurt å fylle opp BSU-kontoen allereie då, så får du vår beste rente gjennom heile året på sparinga di.