Gladnyheit til deg med konto i ulike bankar

3. desember 2018 –  Inger Marie Lien

Er du kunde hos oss og i tillegg har konto hos Sparebanken Vest, kan du snart få denne inn i kontooversikten din i mobil- og nettbanken. 

Sbanken er også med i prosjektet, og vil bli med i løysinga seinare.

– Vi er ein av dei første bankane i landet som har fått dette til, fortel Falk Tewes, leiar for arkitektur og innovasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Saldo og transaksjonar
I første omgang vil du kunne sjå saldo og siste transaksjonar på kontoane frå dei to samarbeidsbankane, men etterkvart vil ein også kunne gjennomføre betalingar og overføringar frå desse kontoane. I tillegg vil kontoar frå andre bankar også snart bli tilgjengelege i SSF-mobilbanken.

Med nokre få tastetrykk i mobilbanken kan du velje om du vil at kontoar frå andre bankar skal vere synlege eller ikkje, som vist nedanfor.

Du kan no bestemme om kontoar frå andre bankar skal vise i mobilbanken.

Bakgrunnen for samarbeidet er PSD2 (Payment Service Directive 2); ei ny regulering som gjer at alle bankar blir pålagde å gjere informasjon meir tilgjengeleg for selskap og andre bankar som vil tilby betalingsrelaterte tenester og produkt. Desse selskapa og bankane kan få tilgang til data dei ikkje før har hatt tilgang til, som for eksempel kontoinformasjon og transaksjonsdetaljar. Fordelen er at det gir deg som kunde meir innsikt.

– Direktivet trer i kraft i løpet av 2019, og vi starta samarbeidet med Finance Innovation, Sparebanken Vest og Sbanken allereie tidleg i år, for å kunne tilby dette før direktivet trer i kraft. Det vil seie at vi er ein av dei første bankane i Norge som har fått dette til, fortel Tewes.

Fleire nye funksjonar på trappene
Nyleg lanserte Sbanken eit pilotprosjekt der dei tilbyr sine kundar oversikt over studielån frå Lånekassen i mobilbanken. Tewes fortel at dette er noko som kjem på sida av PSD2-regulativet, og at Sparebanken Sogn og Fjordane er i dialog med Lånekassen om å kunne tilby sine kundar same oversikta rett i mobilbanken.

– Vi kjem til å følgje med på kva som kjem ut av testpiloten til Sbanken, og håpar vi snart kan ha same løysing for våre kundar, seier Tewes.

– I tillegg kan kundane våre snart bruke mobilbanken til å gjennomføre utanlandsbetaling og betaling til fleire, seier han.