Når turen er målet

Vi kan ikkje love havutsikt på alle dagsturhyttene, men ein fin tur er det likevel. Bilete er frå dagsturhytta i Florø. Foto: Vegard Fimland.

28. november 2018 –  Inger Marie Lien

Du veit når du berre har lyst ut ein tur, men kanskje ikkje har tid eller ork til å gå heilt opp på ein fjelltopp? Det er då du skal ta turen til ei av dei 26 dagsturhyttene i fylket. Passe langt, og veldig fint, for store og små.  

Fleire av dagsturhyttene er ferdig montert, og mange andre er på veg. Hyttene har verken straum eller innlagt vatn, men nokre av dei vil ha solcellepanel på taket som sørger for lys i hytta.

Dagsturhytteprosjektet er finanisert av spelemidlar og av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, som blir forvalta av hovudeigaren; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Prosjektet er eit samarbeid i lag med Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Meir fysisk aktivitet for alle

Målet med dagsturhytteprosjektet er å stimulere til fysisk aktivitet som er tilgjengeleg for så mange som mogleg, i alle aldrar. Derfor er hyttene plassert i relativt kort avstand frå parkering, og ikkje på dei brattaste toppane. Hyttene er utstyrte med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden, for å stimulere til lesing og for å gjere kjent god, nynorsk barnelitteratur. Boksamlinga er sett saman av hovudsakleg barnebøker.

– Det er gledeleg for oss å vere med bidra inn i dette prosjektet, det er viktig for oss å bygge opp under fysisk aktivitet blant barn og unge, dette er ein av måtane vi gjer det på, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Vi ser for oss at mange barnehagar og skuleklassar i nærområda vil bruke området flittig, og at hyttene vil bli eit populært turområde. Ved hytta i Førde er det til dømes også planlagt ein naturpark og den håpar og trur vi vil bli mykje brukt, seier Atle Skrede, rådgjevar for fysisk aktivitet og idrett i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ein gåvepakke til kommunane i fylket

Alle kommunar i Sogn og Fjordane har takka ja til tilbodet om å få ei dagsturhytte plassert ut. Den første dagsturhytta blei opna i desember 2017 i Trivselskogen på Sandane, og i tillegg har Aurland, Eid, Flora, Hornindal, Høyanger, Jølster, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Stryn og Årdal fått sine hytter på plass. Grunna mykje dårleg vêr på hausten er dessverre nokre av hyttene forsinka, men alle vil bli realisert så fort vêret tillèt transport og montering.

– Dette er ein gåvepakke til kommunane som omtrent slepp å betale noko som helst for hytta si. Den viktigaste oppgåva deira er å bestemme seg for plassering av hytta, forklarer Skrede.

Vis oss gjerne bilete frå turane dine ved å merke bilete på Instagram med #dagsturhytte

Dagsturhytta

Dagsturhytteprosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Nedanfor ser du liste over alle hyttene.

  • Askvoll - Nyksvatnet
  • Aurland - Vinjaåsen
  • Balestrand - Gulleplenipa
  • Bremanger - Veten
  • Eid - Naustdalskamben
  • Fjaler Bygdeheia
  • Flora - Fløgjen ved Hatlesetnipa
  • Førde - Viefjellet
  • Gaular - Kårstadskaret
  • Gloppen - Trivselsskogen
  • Gulen - Løypingsåsen
  • Hornindal - Nakkebruna
  • Hyllestad - Sørefjordsvatnet
  • Høyanger - Synken
  • Jølster - Fugledalen
  • Leikanger - Eggjahaugen
  • Luster - Ytre Eikum
  • Lærdal - Mjølkeflaten
  • Naustdal - Steinkorsen
  • Selje - Risnakken
  • Sogndal - Stedjeåsen
  • Solund - Avløypeneset
  • Stryn - Kloppemyra
  • Vik - Ovriseggi
  • Vågsøy - Kletten
  • Årdal - Moakamben