6 grunnar til å begynne med individuell pensjonssparing (IPS):

15. november 2018 – Kristine Eriksrød

Ønskjer du å binde sparepengane dine fram til pensjonsalder, er individuell pensjonssparing (IPS) den rette spareforma for deg. 

Med IPS kan du sikre deg økonomisk til den dagen du ikkje lenger er i jobb og har inntekt. Pengane du sparar i IPS får du utbetalt når du blir pensjonist (tidlegast 62 år), og må fordelast over 10 år, eller lenger – om du vil. IPS kan ikkje avsluttast før ved fylte 80 år. Det kan virke veldig lenge til pensjonsalderen sidan du framleis er ung og kanskje føler at arbeidslivet så vidt har starta, men sparinga byr på visse fordelar som kan vere lure å vurdere.

Dette er fordelane med IPS

  1. Spar opptil 40 000 kroner i året – få inntil 9 200 kroner i skattefordel (23% av sparebeløpet)
  2. Du kan spare fast eller sette inn beløp når det passar deg
  3. Du kan enkelt endre sparebeløp, eller stoppe/pause sparinga, når du ønskjer
  4. Bytt fond undervegs utan kostnadar eller gevinstskatting
  5. Ingen formuesskatt på IPS-sparing
  6. Du betaler først skatt når du tar ut gevinst.

Slik kjem du i gang

Logg deg på i nettbanken og gå til Fond øvst i menyen. Her kjem du inn i fondsløysinga vår, og vil bli leia gjennom ei bestillingssløyfe der du først skal gjennom 4 steg med kartlegging, informasjon og avtalar før du opprettar ein IPS-konto. Les mer om bestilling av IPS og sjå video her

Full oversikt

I mobilbanken vår har du lett tilgang til Fondsløysinga. Der kan du følgje med på IPS-kontoen din, sjekke gevinst og gjere endringar når du vil.