Årets siste Furorestipend gjekk til Martine!

No er alle dei åtte Furorestipenda delt ut. Artisten Martine Håland fekk tildelt 50.000 kroner torsdag. 

Torsdag kveld var Martine Håland på plass på ein temakveld om sparing og pensjon i Askvoll i regi av Sparebanken Sogn og Fjordane. Ho skulle synge og spele for forsamlinga, men etter sangen var ferdig skjedde det noko uventa.

– Eg skulle opptre og var veldig fokusert på jobben eg skulle gjere. Eg vart veldig sjokka når eg fekk stipendet. Eg brukar mykje pengar på musikken, og dette gjev eit kjempebidrag til karriereutviklinga mi. Eg har ikkje heilt bestemt akkurat kva eg skal bruke pengane på, men det kjem veldig godt med på vegen, seier Håland.

Det var Banksjef i Hafs-området, Torunn Mattson i Sparebanken Sogn og Fjordane, som tok fram ein sjekk på 50.000 kroner.

– Det var veldig kjekt å overraske Martine. Ho sang og spelte så nydeleg for oss, og det å kunne få gje ei gåve til eit slikt openbart talent betyr mykje for oss som jobbar her. Eg trur og kundane syns det er kjekt å sjå at overskotet frå banken, som dei er med å skape, blant anna går til lokale talent som Martine, seier Mattson.

Håland har store planar for framtida.

– Draumen er å spele og leve av å spele og gje ut musikk. Så lenge eg får halde på med det og få opptre så er eg glad for det. Å spele er det einaste eg føler er riktig for meg, derfor er musikken så viktig. Det er det som er meininga eg skal drive med, fortel Håland.

Furorestipenda blir delt ut til talent frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Kvart år deler Sparebanken Sogn og Fjordane ut åtte Furorestipend av overskotet sitt, som vert forvalta av eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Totalt 400.000 kroner har blitt delt ut til talent frå fylket i år.

Juryen si grunngjeving:«21 år gamle Martine Håland har sunge, spelt piano og komponert musikk i mange år allereie, og har blitt hylla og heidra fleire gonger heime i Dale og elles i fylket; mellom anna fekk ho «Draumestipendet» i 2015. I forfjor sjarmerte ho òg heile landet, då ho opptrådde på talentprogrammet The Stream med den eigenkomponerte låta «Drown in the wind». Sidan då har Martine flytta til Bergen og blitt eit vitalt tilskot til musikkscenen der, lansert sitt band MAIH – som faktisk slapp ny singel i går (14. nov). Martine turnerer for tida land og strand rundt i heile landet, og byggjer på den måten live-erfaring og publikum jamt og trutt. Juryen trur dette er ein veldig god strategi og eit tydeleg teikn på at Martine har ein langsiktig plan for å vekse som artist og trenge gjennom i ei bransje med beinhard konkurranse. Juryen håpar og trur vi vil sjå og ikkje minst høyre mykje til Martine i åra framover, og ønskjer all mogleg lukke til vidare!»

Desse har fått Furorestipend  i 2018:

Trommeslagar Jon-Fredrik Hopland

Volleyball-spelar Karoline Fauske

Vektløftar Marit Årdalsbakke

Trombonist Andreas Rotevatn

Fotballkeeper Linn-Mari Nilsen

Friidrettsutøvar Eivind Øygard 

Artist Aleksander Raftevold 

Artist Martine Håland

Desse sit i juryen for Furorestipenda: Stig Roger Eide (Firda), Torill Faleide (Førdefestivalen), Trude Skarvatun (Førde kulturskule), Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)