6 grunnar til at du bør ha ein Aksjesparekonto (ASK):

9. november 2018 – Kristine Eriksrød

Er du over 34 år har du forhåpentlegvis fylt opp BSU-kontoen, og kanskje også brukt og avslutta den. Men gode sparevaner bør du aldri slutte med, så no er det på tide å finne ei ny spareløysing som passar for akkurat deg og dine behov. 

Ønskjer du å ha fleksibilitet i privatøkonomien mens du sparar, er sparing i aksjefond eit godt alternativ. Med ein aksjesparekonto (ASK) får du samla alle aksjefond og aksjar, noko som gjer det meir gunstig og oversiktleg å spare i desse. Du disponerer pengane heilt fritt i spareperioden og spareavtala teiknar du sjølv. For dei aller fleste er månadleg spareavtale det beste. Då slepp du å tenke noko på sjølve sparinga, og det blir enklare å budsjettere inn med resten av inntektene og utgiftene dine. På ein fast dato i kvar månad kjøper du andelar for eit fast beløp, og i periodar med fallande kursar får du fleire andelar for same sparebeløp – dette drar du nytte av når kursane stig igjen.

Derfor bør du ha ein ASK:

  1. Kontoen er gratis, og du får full oversikt i vår nett- og mobilbank
  2. Du kan kjøpe, selje eller bytte aksjar og aksjefond utan at det utløyser skatt undervegs
  3. Det er ingen bindingstid
  4. Du får samla alle aksjefonda på éin plass
  5. Du kan ta ut det du har satt inn på konto når det passar deg – skattefritt!
  6. Du betaler først skatt når du tar ut gevinst

Slik kjem du i gang med ASK

Logg deg på i nettbanken og bestill ny Aksjesparekonto for aksjar i menyen til høgre, ved å klikke på knappen VPS Investortjenester.

Fristane du må vite om

Har du allereie aksjar og aksjefond som du ønskjer å flytte inn på aksjesparekontoen? Denne hausten er siste frist for å flytte desse utan at du må betale skatt på gevinsten.

  • 30. november er fristen for deg som vil flytte aksjar og fond frå ein annan bank
  • 15. desember er fristen for deg som har aksjar og fond hos oss i dag.

Skal du flytte sparinga di inn på ein aksjesparekonto etter desse datoane, må du betale skatt på gevinsten.