Tibber er kåra til Årets Gründer 2018 i Sogn og Fjordane

2. november 2018 –  Inger Marie Lien

På andre forsøk klatra Tibber heilt til topps i kåringa av Årets Gründer i Sogn og Fjordane.

Bedrifta var også finalist i 2016, og kom då på ein sterk 2.plass. I år klatra dei heilt til topps, og får med seg pengepremien på 100 000 kroner til vidareutvikling av bedrifta.

– Eg hadde faktisk litt sommarfuglar i magen då eg sat i salen før utdelinga. Dette er ei stor anerkjenning for oss, og denne prisen er ein pris til heile teamet vårt. Vi hadde aldri vore her i dag, og oppnådd det vi har klart utan alle timane kvar enkelt i teamet har lagt ned, seier dagleg leiar Edgeir Vårdal Aksnes.

Venteliste på smarte produkt

Tibber er ein app som handlar straum når prisane er lågast slik at du som forbrukar kan spare pengar. Appen har også moglegheit for å kople seg opp mot ulike målarar og sensorar i heimen, for å redusere straumforbruket. Ved å kjøpe straumen direkte frå straumprodusentane, fjernar appen mellomledda mellom kunde og produsent.

Nyleg lanserte Tibber tre store nyheiter; smart ladeboks for elbil, pulsmålar til huset og ein «power-up» for Mill panelomnar, og fleire av desse produkta er det no venteliste på.

I tillegg til å fjerne alle mellomledd mellom kunde og straumprodusent, jobbar Tibber også for å bli best på el-billading og kundane kan no kople elbilar frå Tesla, BMW, VW og Volvo rett inn i appen deira.

Finalistane Fjordpanel, Norse Feedback og Tibber under dagens prisutdeling i Florø.

Innovasjonsfylket Sogn og Fjordane

Dei to andre finalistane i år var Fjordpanel som kom på 2. plass, og Norse Feedback kom på 3. plass. Desse bedriftene fekk med seg høvesvis 60 000 kroner og 40 000 kroner.

Årets Gründer er finansiert av Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Juryen har i år vore Kristine Kopperud Timberlid, Trond Teigene og Kjetil Kvåle. Prisen blei i år delt ut for sjuande år på rad.