Furorefeber i fylket – Fire utdelingar på fire dagar

15. oktober 2018 – Johanne Sandnes

Furorestipenda blir delt ut til talent frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Kvart år deler Sparebanken Sogn og Fjordane ut åtte Furorestipend av overskotet sitt, som vert forvalta av eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Utdelingsbonanza

Denne veka vart heile fire talent overraska med kvar sitt stipend på 50 000 kroner. Trommeslagar Jon-Fredrik «Joffen» Hopland frå Stryn bur i USA, og fekk ein gledeleg telefon frå banksjefen i Stryn. Han skal bruke pengane på trommetimar med trommeslagaren til Frank Zappa. Marit Årdalsbakke skulle halde time på Spenst. Der troppa banksjef Elin Aaland opp med sjekk og blomar. Volleyball-spelar Karoline Fauske fekk sjekken sin på heimebane søndag, medan trombonist Andreas Rotevatn fekk sjekken sin overlevert på kaia på Eid.

Hittil i år har det blitt delt ut 7 stipend, noko som betyr at det er eit talent igjen som vil bli overraska i løpet av den neste månaden.

– Vi synast det er viktig og gjevande å kunne hjelpe unge talent frå fylket med å nå draumane sine, og vi håpar pengane kjem godt med på reisa deira vidare. Eg er imponert over mangfaldet av talent som finst her i fylket, og har stor tru på at vi sjå mykje til dei alle framover, seier administrerande direktør, Trond Teigene.

Desse har fått Furorestipend  i 2018:

Trommeslagar Jon-Fredrik Hopland

Volleyball-spelar Karoline Fauske

Vektløftar Marit Årdalsbakke

Trombonist Andreas Rotevatn

Fotballkeeper Linn-Mari Nilsen

Friidrettsutøvar Eivind Øygard 

Artist Aleksander Raftevold 

Ikkje kjent – vert delt ut i løpet av den neste månaden.

Furorestipend

Furorestipendet er Sparebankstiftinga sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet har variert i storleik frå 10.000 til 100.000 kroner; men dei siste åra har alle stipenda vore på 50.000 kroner.

Søknadsfrist

Furorestipendet har søknadsfrist 15. juni kvart år. Eige søknadsskjema for Furorestipendet vert lagt ut på www.sparebankstiftinga.no ein månad før søknadsfristen.