Slik sparer du til barnet

11. oktober 2018 – Helene Sunde

Det finst fleire alternativ for sparing på vegne av barn. Sparekonto start, Bustadsparekonto og Sparing i fond og aksjer er aktuelle spareformer som fint kan kombinerast når du ønskjer å spare på vegne av barnet.

Sparekonto Start
Sparekonto Start er ein sparekonto for barn mellom 0-18 år. Kontoen kan disponerast fritt og gir rente frå første krone. For barn under 8 år vil ein atutomatisk bli medlem av Kongleriket – barnekonseptet vårt, når ein opprettar ein Sparekonto Start. Når ein skal opprette sparekonto på vegne av barn må ein avgjere om den skal stå i den føresette eller barnet sitt namn. Begge alternative medfører fordelar og ulemper som kan vere lurt å tenke gjennom på førehand.

Spare i føresette sitt namn: Gir gjevar full kontroll på pengane og avgrensar ikkje utdanningsstipendet for barnet i Statens Lånekasse. Men kapitalen kan gå inn i buet ved samlivsbrot/dødsfall og medføre høgare formueskatt.

Spare i barnet sitt namn: Gir foreldre disposisjonsrett til barnet fyller 18 år og kapitalen vil ikkje inngå i foreldra si skattepliktige inntekt og formue etter barnet er fylt 17 år. Dersom kapitalen overstiger 2G kan dette medføre avgrensa disposisjonsrett for føresette og høg formue kan medføre avkorting i stipend for barnet.

Kongleriket er ei merkevare utvikla og eigd av Sparebanken Sogn og Fjordane. Her bur det mange morosame, rare og snille dyr som gjerne vil bli kjend med barna i Sparebanken Sogn og Fjordane. Vi arrangerer ulike aktivitetar for medlemene i Kongleriket. Til dømes Konglekino, Kongleskileik og Kongledagen. Maskotane våre Elin Ekorn og Kåre Bjørn er med på fleire av arrangementa, og kosar seg like mykje kvar gang. Informasjon om aktivitetar og Kongledagen finn du på Kongleriket.no og facebook.com/kongleriket. Neste Kongledag er 17.oktober, så følg med på nettsidene for aktivitetar.

Bustadsparekonto
Bustadsparekonto gir i dag ei effektiv rente på 2,85% og gir deg moglegheit til å spare inntil 30.000 kroner i året, og inntil 300.000 kroner totalt. I motsetning til vanleg BSU gir ikkje denne kontoen skattefrådrag, og kan dermed vere ein god konto dersom du ønskjer å hjelpe barnet ditt til å realisere bustaddraumen. Kontoen gir gebyrfrie uttak til bustadføremål og er gyldig fram til ein fyller 33 år. Merk at sparing på Bustadsparekonto kan medføre avkorting i stipend for barnet.

Spare i fond og aksjar
Å spare i fond og aksjar på vegne av barn, gir ofte ein lengre sparehorisont. Sparebanken Sogn og Fjordae tilbyr fire ulike fondsleverandørar; SKAGEN, DNB, Holberg og Odin. Enten ved eit eingongsbeløp eller månadleg sparing, vil ei gåve gjennom fond meføre at gåva veks i verdi ettersom tida går. Du vil dermed hjelpe barnet å spare langsiktig.